Vietnam

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
[endre]
Nu'ó'c Công Hòa Xâ Hôi Chu' Nghî'a Viêt Nam
Den sosialistiske republikken Vietnam

(norsk: Vietnam, vietnamesisk)

Det vietnamesiske flagget
Flagg
Nasjonalsong «Tien Quan Ca»
Motto Ðộc lập, tự do, hạnh phúc (Sjølvstende, fridom, lukke)
Geografisk plassering av Vietnam
Offisielle språk Vietnamesisk
Hovudstad Hanoi
Styresett
Republikk
Trương Tấn Sang
Nguyễn Tấn Dũng
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
331 210 km² (65.)
1,3 %
Folketal
 – Estimert (2012)
 – Folketeljing (1990)
 – Tettleik
 
91 519 289 (14.)
76 323 173
276,3 /km² (13.)
Sjølvstende
  - Erklært
  - Anerkjent
frå Frankrike
2. september 1945
1954
Nasjonaldag 2. september
BNP
 – Totalt (2010)
 – Per innbyggjar
 
278 100 mill. USD (40.)
3 100 USD (138.)
Valuta Vietnamesisk dong
Tidssone UTC +7
Telefonkode +84
Toppnivådomene .vn


Vietnam er eit land i Søraustasia. Det grensar til Kina, Laos og Kambodsja på tre sider, men har òg ei lang kystline (1.600 km) mot Sørkinahavet, Tonkingbukta og Thailandbukta.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Vietnam var fransk koloni frå slutten av 1800-talet. Den nasjonale rørsla Vietminh, som var under leiing av kommunistar, kjempa under den andre verdskrigen geriljakrig mot den japanske okkupasjonsmakta, og fekk fransk støtte for denne kampen for nasjonal frigjering. Men da Vietminh-leiaren Ho Chi Minh utropte ein sjølvstendig vietnamesisk republikk i 1945, godtok ikkje Frankrike dette, og starta ein ni år lang kolonikrig for å få kontroll over landet på ny, med støtte frå USA.

Først etter å ha blitt grundig slått av Vietminh-styrkane i det store slaget ved Dien Bien Phu i 1954, innsåg Frankrike at dei ikkje kunne halde på Vietnam. Til det kunne haldast val i heile landet blei det mellombels delt. I Sør-Vietnam heldt dei som hadde samarbeidd med kolonimakta på posisjonane sine, og med amerikansk støtte nekta dei å vere med på val i heile landet som den nasjonale rørsla Vietminh kunne tenkjast å vinne. Vietminh tok makta i Nord-Vietnam.

Stadig fleire militære «rådgivarar» frå USA kom til Sør-Vietnam for å hjelpe regimet der å halde på makta si. Men den sørvietnamesiske kommunistleidde motstandsrørsla FNL (Front National de Liberation) hadde likevel meir og meir framgang, både fordi vanlege folk såg på dei som meir nasjonale og fordi dei bekjempa godseigarmakta på landsbygda.

Midt på 1960-talet, under Vietnamkrigen, hadde USA over ein halv million soldatar i Sør-Vietnam, og dreiv ei massiv bombing av heile landet, både med sprengbomber, kjemiske stridsmiddel og napalm, som brenner folk i hel. Ein stad mellom ein og tre millionar vietnamesarar blei drepne, og framleis blir det fødd vanskapte ungar i landet på grunn av forgiftinga det blei utsett for. Likevel tapte supermakta USA denne krigen, og måtte dra seg ut i 1973.

Sjølv om USA framleis gav massiv støtte til det sørvietnamesiske regimet, varte det berre to år før det fall saman. Frå 1975 er Vietnam eit samla og sjølvstendig land, som i 1979 også forsvarte seg med hell mot væpna aggresjon frå stormakta Kina etter at vietnamesiske styrkar hadde fjerna det folkemordariske regimet til Pol Pot og Raude Khmer i Kambodsja.

Vietnam er eit fattig land, og har framleis store sår etter krigane det måtte gjennom, særleg den amerikanske. Landet er ein kommunistisk eittpartistat, men regimet er moderat og fører ein økonomisk politikk som opnar for vestlege investeringar. Vietnam er i dag i ferd med å etablere seg som turist- og industriland.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om heile Vietnam ligg innanfor tropane har ein store klimatiske skilnadar mellom dei sørlege og nordlege områda. Dei sørlege områda rundt Ho Chi Minh har høge temperaturar året rundt, medan dei nordlege områda, nær Kina, kan ha overraskande kalde vintrar. Den sørvestlege monsunen fører til store nedbørsmengder frå mai til oktober. Den sentrale vietnamesiske kysten, rundt Da Nang, er relativt tørr tidleg på sommaren, men får store nedbørsmengder på hausten når monsunen trekkjer seg tilbake. Dette området er tørrast frå februar til mai. Fleire tyfonar kan råke Vietnam i løpet av året, hovudsakleg frå august og til oktober.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Vietnam