Vigevano

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Vigevano
Castello Vigevano
Castello Vigevano
Byvåpenet til Vigevano
Byvåpenet til Vigevano


Plassering
Vigevano is located in Italia
Styresmakter
Land
Region
Provins
Italia Italia
Lombardia
Pavia
Borgarmeister Ambrogio Cotta Ramusino
Geografi
Flatevidd
 - By

82 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2005)
   - folketettleik

59 964
  667/km²
Koordinatar 45°19′″N 8°52′″EKoordinatar: 45°19′″N 8°52′″E
Høgd over havet 116 m
Diverse annan informasjon
Postnummer 27029
Telefon-retningsnummer 0381
Nettstad: www.comune.vigevano.pv.it

Vigevano er ein by i provinsen Pavia i regionen Lombardia i Italia med om lag 60 000 innbyggjarar. Byen har mykje flott kunst og er eit stort industri- og jordbrukssenter i området kalla Lomellina.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Piazza Ducale

Dei første kjeldene frå Vigevano er frå 900-talet då den langobardiske kongen Arduin heldt til her for å kunne jakte i nærleiken.

Vigevano støtta Ghibellini og keisaren i Det tysk-romerske riket og vart derfor tatt av Milano i 1201 og igjen i 1275. I 1328 overgav byen seg omsider til Azzone Visconti og frå den tid deler byen historie med Milano. Kyrkja S. Pietro Martiere vart bygd ved dominikanarklosteret, av Filippo Maria Visconti i 1445. Dei siste åra under Visconti-styret vart han omleira av Francesco Sforza. Då Sforza fekk makta i Lombardia vart Vigevano eit bispesete som gav byen gode inntekter.

Landemerke[endre | endre wikiteksten]

Frå Castello Sforzesco med Bramantetårnet.
  • Castello Sforzesco ligg oppfor byen og vart bygd i åra 1492-1494 av Ludovico Sforza, hertugen av Milano som bygde om ei tidlegare festning, som igjen stamma frå ei tidlegare langobardisk festning. Festninga vart gjesta av mellom andre Leonardo da Vinci og Donato Bramante. Bramante ferdigstilte tårna i festninga som var starta alt i 1198.
  • Piazza Ducale vert rekna som ein av dei flottaste plassane i Italia, ein rektangulær og rettvinkla renessanseplass i proposisjonene 1:2. Arkitekten skal ha vore Filarete og Bramante skal ha sørgt for at han vart bygd. Dette skjedde i alle fall da Ludovico il Moro leidde byen og plassen skal ha vorte fullført på rekordtid i åra 1492-1493.
  • Katedralen er ein konkav bygning med barokk fasade ut mot plassen og er justert i formene slik at fasaden skulle passe inn langs linjene og sentrere plassen. Katedralen vart starta i 1532 og stod ferdig i 1606.

Kjende personar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]