Vikafjorden på Bømlo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Vikafjorden er ein liten fjord på vestsida av Bømlo i Hordaland like nord for Espevær. Han strekkjer seg 2 km nordaustover på sørsida av Gissøya og inn til garden Vestre Vika.

Fjorden har innløp mellom søre Gissøyskaget på Gissøya og Dyrneset på Bømlo. På austsida av Gissøya går søre Gissøysundet nordover til nordre Gissøysundet, som ligg på austsida av Nordra Gissøya. Inne i fjorden ligg Marlaukholmane.