Villa Rotunda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Villa Capra «La Rotonda» i Vicenza.
Palladios planteikning over Villa La Rotonda, i I Quattro Libri dell'Architettura 1570.

Villa Rotunda er eit av dei mest kjende verka frå renessansen, og av skaparen Andrea Palladio. Bygget, som eigentleg heiter Villa Almerico-Capra, vart reist i renessansetida, påbyrja i 1566 og fullført like etter hundreårsskiftet. Namnet «Almerico» er av byggherren, medan «Capra» kjem av brørne Capra som fullførte bygget etter at Palladio døydde.

Arkitektur[endre | endre wikiteksten]

Renessansen dyrka dei reine geometriske formene, kvadratet og sirkelen. Difor er hovudforma på huset kvadratisk, og romma er orientert ikring eit sirkelforma rom i midten av huset (ein «rotunde»). Huset har to gjennomgåande aksar som opnar det i fire retningar. Den stramme symmetrien om aksane styrker det geometriske uttrykket til bygget. Kryssingspunktet til aksane er i sentrum av rotunden, som er dekt av ein stor kuppel, og kringsett av ein baldakin med fire skjulte trapperom. I rotunden møter ein vertikal akse dei to horisontale aksane.

Ein kan oppleve sentreringa av huset både når ein ser det utanfrå, og når ein kjem inn til kjernepunktet. I renessansen kom menneske i fokus, på grunn av alle dei mange nyvinningar og ekspedisjonar som hende i denne tida. I arkitekturen fekk dette utslag i bygg som Villa Rotunda, som var ein kuliminasjon av retningar på jorda, og mot himmelen, men med mennesket i midten.

Landskap[endre | endre wikiteksten]

Villa Rotunda står i eit frodig åslandskap i Vicenza-dalen i det nordlege Italia. I tida då bygget blei reist var det ikkje uvanleg at rike kjøpmenn og andre borgarlege ville etablere utfluktsheimar ute på landsbygda. Her kunne ein halde større fester så ein kunne vise seg fram til sine medborgarar. Villa Rotunda er difor plassert på ein av dei høgaste åsane og med jambyrdige fasadar mot alle retningar. Huset, med si kubistiske form, verker difor som om det har fire framsider, og tek difor til seg landskapet frå alle kantar.

Fire portico-inngangar med svære trapper fører opp mot inngangen på kvar vegg. Dei svære trappane fører uterommet og landskapet med seg inn mot sentrum av huset, som ein kan sjå i god avstand på grunn av den store kuppelen på taket.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kommentarar og bilete på greatbuildings.com [1]