Vind Idrettslag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Vind Idrettslag er eit idrettslag med base i bydelen Sørbyen i Gjøvik. Laget vart stifta i 1932 og har om lag 1250 medlemer. Vind IL sine medlemer er aktive i idrettane bordtennis, fotball, langrenn, sykling og amerikansk fotball. Laga til Vind spelar i mørkeblå drakter med oransje trøyeermar.

Vind Idrettslag var i 2009 med å arrangere delar av noregsmeisterskapen på ski. Under Ski-NM 2020 vart Vind-medlem Ansgar Evensen norsk meister i langrennssprint.

A-laget i fotball har for det meste delteke på nivå 5 eller 6 i seriesystemet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]