Vindlast

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Vindlast er den belastninga som ein bygningskonstruksjon vert utsett for i sterk vind.

Ein skil mellom statisk vindlast (vindtrykk), der det ikkje skjer vekselverknad mellom bygningen og vinden, og dynamisk vindlast der lekamen (ei bru, eit tårn eller liknande) kan ta opp turbulent energi og kome i svingingar. Ein nyttar standarar for kva vindlastar ein bygningskonstruksjon skal kunne tole.

Utforminga av bygningar må kunne tole visse vindlaster, og desse er påverka av vindskjer. Ingeniørar nyttar ei likning for vindsnøggleiksprofil som ser slik ut:[1][2]

der:

= vindsnøggleik ved høgda
= gradientvind ved gradienthøgda
= eksponetiell koeffisient


Typisk er bygningskonstruksjoner utforma for å stå imot sterk vind med ein særs lang returperiode, som 50 år eller meir. Denne vindsnøggleiken finn ein frå historiske verdiar ved hjelp av ekstremverditeori for å føresjå framtidige ekstremvindar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«vindlast» i Store norske leksikon, snl.no.

  1. Crawley, Stanley (1993). Steel Buildings. New York: Wiley. s. 272. ISBN 0471842982. 
  2. Gupta, Ajaya (1993). Guidelines for Design of Low-Rise Buildings Subjected to Lateral Forces. Boca Raton: CRC Press. s. 49. ISBN 0849389690.