Vindskie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tre vindskier utanpå kvarandre og eit vassbord på skot tekt med bølgjeblekk

Vindskie, av norrønt vindskeið, er eit bord som er festa på høgkant langs taket over ein gavl, for å hindre vinden i å få tak mellom taktroet og taktekkinga.

Ofte ligg det fleire vindskier utanpå kvarandre, og ofte er det spikra på eit vassbord som overlappar taktekkinga.