Virittäjä

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Virittäjä
Oppretta1897
Språkfinsk
Nettstadhttps://journal.fi/virittaja, http://ojs.tsv.fi/index.php/virittaja/issue/archive

Virittäjä er eit språkvitskapleg tidsskrift som kjem ut i Helsingfors fire gonger i året. Tidsskriftet er fagfellevurdert og blir redigert på finsk. Virittäjä er det leiande tidsskriftet for artiklar om finsk språk, men det publiserer også artiklar om austersjøfinske og samiske språk. I tillegg til dei fagfellevurderte artiklane publiserer Virittäjä også litteraturoversyn, språkvitskaplege debattinnlegg og bokmeldingar. Omfanget er rundt 650 sider i året.

Virittäjää vart grunnlagt i 1897 av Kotikielen Seura, "heimespråkforeininga". Tidsskriftet har ei heimeside, med oversyn over alle artiklar frå starten av, der artiklane frå og med 1944 er elektronisk tilgjengeleg, dei to nyaste årgangane bak ein betalingsmur. Redaktør er Hanna Lappalainen.

Ordet virittäjä kjem av verbet virittää, som tyder "å setje opp, å stemme (t.d. ein gitar, eller i denne samanhengen kanskje ein kantele)". Endinga -ja/-jä dannar handlarnomen, slik at namnet tyder "han eller ho som stemmer eller gjer klar".

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]