Virtuell i fysikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Virtuell er ei rørsle eller ein tilstand som blir tenkt oppstå som resultat av ei mogleg, men ikkje verksam kraft eller evne.

I klassisk fysikk syner virtuell forskyving til ei tenkt forskyving som ikkje bryt med føringane på systemet, og ei virtuell kraft er ei kraft som skapar ein slik forskyving. D'Alembert-prinsippet for virtuelle forskyvingar blir nytta for å undersøkja likevektsvilkåra for eit system. I moderne fysikk syner ein virtuell tilstand eller ein virtuell partikkel til ein tilstand som bryt med lova om energibevaring, men som likevel, i samsvar med Heisenbergs uskarpleiksrelasjon, kan eksistere i ei kort tid.

Prinsippet for virtuelle forskyvingar (arbeid) uttrykkjer vilkåra for at eit mekanisk system som blir påverka av ytre krefter, finn seg i likevekt: Eit system er i likevekt viss dei kreftane som verkar på systemet ikkje utfører noko arbeid ved ein virtuell forskyving. Ein virtuell forskyving er ei tenkt, liten forskyving som ikkje strid mot dei føringsvilkåra som systemet er pålagt. Ved å nytte virtuelle forskyvingar slepp ein å ta omsyn til dei såkalla føringskreftene, krefter som ofte ikkje kjennest, men som tilpassar seg slik at systemet må følgje ein bestemd bane (trykk frå underlag, strekk i ei snor eller liknande), sidan slike kreftar ikkje utfører noko arbeid.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]