Vologases V av Partia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Vologases V av Partia
Vologases V Parthian silver coin.JPG
Konge av Partia
Regjeringstid 191-208
Føregjengar Vologases IV
Etterfølgjar Vologases VI
Dynasti Arsakide-dynastiet

Vologases V av Partia herska over Partarriket frå 191 til 208. Han var son av Vologases IV. Vologases var også konge av Armenia, då eit romersk lydrike, frå 186 til 198, og er i denne samanheng kjend som Vologases II (armensk Վաղարշ, Vagharsh).

Riket til Vologases blei angripe av den romerske keisaren Septimius Severus i 195. Severus rykte inn i Mesopotamia, okkuperte Nusaybin og plyndra den partiske hovudstaden Ktesifon i 199. Han tok mange partarar til fange og selde dei som slavar. Han prøvde også å erobre festningen ved Atra, men lukkast ikkje. I 202 gjenoppretta dei to rika makta, med romarane i kontroll over heile Mesopotamia.

Vologases V døydde i 208 og blei etterfølgd av eldstesonen sin Vologases VI. Ein yngre son, Artabanes IV, gjorde opprør og det braut ut borgarkrig i Partia. Han hadde også to andre søner som blie kongar, Rev I av Kaukasisk Iberia og Khosrov I av Armenia.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Vologases V av Partia