Vrahovice

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vrahovice
landsby
Kostel svatého Bartoloměje ve Vrahovicích, Prostějov.jpg
Sankt Bartholomeüskyrkja i Vrahovice
Land Flag of the Czech Republic.svg Tsjekkia
Region Olomouc
Map
Vrahovice
49°28′51″ N 17°8′54″ E
Wikimedia Commons: Vrahovice

Vrahovice er ein landsby i Den tsjekkiske republikken, nær Prostějov i Olomouc-regionen. Administrativt er det ein del av Prostějov-distriktet. Staden har ca 3800 innbyggjarar. I landsbyen ligg mellom anna Sankt Bartholomeüskyrkja, eit postkontor og eit par pubar.

Vrahovice blei første gongen nemnt i 1337. Ordet «Vrah» tyder 'fiende' på gamal-tsjekkisk. I mellomalderen var det mange ulike eigarar av landsbyen. Den største utviklinga av staden skjedde i mellomkrigstida då Josef Stříž var borgarmeister og vegane til Prostějov og Vrbátky og eit nytt rådhus blei bygde.

Etter andre verdskrigen var det i Vrahovice ein interneringsleir for tyskarar frå Prostějov-regionen som venta på å bli overførte til Tyskland. Mellom 1950 og 1954, og sidan 1973, er Vrahovice ein del av Prostějov.

Spolek za staré Vrahovice er ei foreining for lokalhistorie, miljøvern og utvikling av Vrahovice. Mellom 2010 og 2015 etablerte foreininga Arboretum Vrahovice, eit arboret med tre frå Europa, Asia og Nord-Amerika.[1]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Arboretum Vrahovice (tsjekkisk)]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]