W.A.B. Coolidge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
W.A.B. Coolidge
Piz Badile

William Augustus Brevoort Coolidge (28. august 18508. mai 1926) var ein US-amerikansk fjellklatrar, historikar og anglikansk teolog.

Cooldige var fødd i New York i USA, son til ein forretningsmann frå Boston. Etter studiar av historie og jus i Concord i delstaten New Hampshire, på Guernsey og i Oxford, underviste han i historie fram til 1881, og vart prest i den anglikanske kyrkja i 1883. To år etter slo han seg ned i Grindelwald i Sveits, der han han livnærte seg som skribent og publisist til han døydde 41 år seinare. Mellom anna var han redaktør av britisk Alpine Journal, utgitt av Alpine Club.

Coodlidge var ein av dei leiande fjellklivarane i den såkalla sylvalderen i fjellklartringa, tida etter 1865. Gjennom tre tiår farta han rundt i dei sveitsiske, franske og italienske Vets-Alpane og stod for ei rad fyrstebestigningar, ofte i lag med fjellføraren Christian Almer. Saman med morsystera, nederlandske Meta Brevoort, og fjellførarane Christian og Ulrich Almer, far og son, kleiv dei i januar 1874, som dei fyrste vinterturistane, til topps på Jungfrau i Berner Oberland.

Hunden Tschingel, som Coolidge fekk av Almer, tok del i vinterturen til Jungfrau og 30 andre turar til stortoppar i Alpane, 11 av dei fyrstebestingingar. Tschingel vart utnemnd til heidersmedlem i Alpine Club, som det einaste hokjønnet i si samtid.

Les Bans

Fyrstebestigingar i Alpane[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Robin Collomb, Bregaglia West, Goring: West Col Productions, 1988