Wakeøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Wakeøya sett frå lufta.

Wakeøya er ein atoll i det nordlege Stillehavet på om lag 7,4 km² som er underlagt USA.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Wakeøya vart oppdaga allereie den 20. oktober 1658 av spanjolen Álvaro de Mendaña de Neyra. Sjølv gav han øya namnet San Fransisco, men øya fekk namn etter den britiske kapteinen William Wake, som vitja øya i 1796. Øya blei underlagt USA i 1899.

Flagget til Wakeøya.

I januar 1941 bygde amerikanarane ein militærbase på øya. Øya er i dag kjend for slaget ved Wakeøya mellom USA og Japan rett etter åtaket på Pearl Harbor i 1941. USA overgav seg til Japan i desember 1941, og Japan okkuperte øya fram til september 1945. Etter andre verdskrigen var øya strategisk viktig for USA i Koreakrigen og den kalde krigen. Øya tente også som flyktningleir for 8,000 vietnamesarar på flukt frå Vietnamkrigen. Det finst fleire krigsminnesmerke på øya i dag.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]