Walter Scheel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Walter Scheel

Walter Scheel (8. juli 191924. august 2016) var ein tysk politikar frå Solingen. Han var Tysklands utanriksminister 1969-74 og president 1974-79, medlem i FDP.

Scheel var frå 1961 til 1966 i tysk forbundsminister for økonomisk samarbeid i regjeringar leia av CDU-medlemene Konrad Adenauer og Ludwig Erhard. Scheel var formann i FDP frå 1968 til 1974. Etter forbundsvalet i 1969 danna FDP regjering i lag med SPD, med Willy Brandt som forbundskanslar og Scheel som utanriksminister og visekanslar. Scheel gjekk ut av regjeringa då Helmut Schmidt 16. mai 1974 tok over som tysk forbundskanslar. Dagen før hadde Scheel vorte vald til president med 530 røyster, motkandidaten fekk 498 røyster. Schell var Tysklands president frå 1. juli 1974 og i fem år framover.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]