Wandlebury Hill

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 52°9′31″N 0°10′57″E
Wandlebury Hill
ås
none  Stallen ved Wandlebury House
Stallen ved Wandlebury House
stad Gog Magog Downs, England
 - høgd 74 moh
 - skardhøgd 10 m
 - koordinatar 52°9′31″N 0°10′57″E

Wandlebury Hill er ein ås i Gog Magog Downs, ein rygg av låge kalksteinsåsar som strekkjer seg fleire kilometer søraustover frå Cambridge. Med ei høgd på 74 meter over havet er han like høg som den nærliggande Little Trees Hill, sjølv om sistnemnde er meir kjend som landemerke.

Toppen høyrer til Wandlebury Country Park, eit naturrservat eigd av Cambridge Preservation Society. Wandlebury var alt busett i bronsealderen[1] og for 2500 år sidan låg det eit jernalderfort her kalla Wandlebury Ring. Åsfortet hadde sirkelforma grøfter og jordmurar som vart halde på plass av trepalisadar. Sjølv om fortet er borte i dag, kan ein framleis sjå grøfta rundt. Wandlebury House, der mellom anna Francis Godolphin, låg innanfor ringen. Huset er i dag rive ned, men stallen står framleis og vert nytta som kontor for Cambridge Preservation Society.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Over the Hills to Cherry Hinton, H. C. Coppock, 1984, Plumridge, Linton, Cambridge, p.14.