Warlpiri
Utsjånad
| Warlpiri | ||
| Klassifisering | Pamanyungansk Sørvestleg Ngarrkisk Warlpiri | |
| Bruk | ||
| Tala i | ||
| Område | Nordterritoriet | |
| Warlpiritalande i alt | 3 000 (1990)[1] | |
| Skriftsystem | Det latinske alfabetet | |
| Språkkodar | ||
| ISO 639-3 | wbp | |
Warlpiri er eit australsk språk som blir tala i av rundt 3000 menneske i Nordterritoriet i Australia. Det høyrer til den ngarrkiske greina av pamanyunganske språk. Warlpiri er i dag eitt av dei største urfolksspråka i Australia målt i talet på brukarar.
Fonologi
[endre | endre wikiteksten]Tabellane under viser lydsystemet til warlpiri. Symbol i vinkelparentes (t.d. ‹p›) er slik dei ser ut i ortografien, medan symbol i hakeparentes (f.eks. [p]) er fonane skrive med IPA.
Vokalar
[endre | endre wikiteksten]Warlpiri har eit vokalsystem som minnar om det i klassisk arabisk; tre vokalar i tillegg til at lengden er avgjerande, noko som gjev totalt seks vokallydar.
| fremre | midtre | bakre | |
|---|---|---|---|
| trong | <i> [i], <ii> [iː] | <u> [u], <uu> [uː] | |
| open | <a> [a], <aa> [aː] |
Konsonantar
[endre | endre wikiteksten]| bilabial | alveolar | retrofleks | palatal | velar | |
|---|---|---|---|---|---|
| plosiv | <p> [p] | <t> [t] | <rt> [ʈ] | <j> [c] | <k> [k] |
| nasal | <m> [m] | <n> [n] | <rn> [ɳ] | <ny> [ɲ] | <ng> [ŋ] |
| trill | <rr> [r] | ||||
| flapp | <rd> [ɽ] | ||||
| lateral | <l> [l] | <rl> [ɭ] | <ly> [ʎ] | ||
| approksimant | <w> [w] | <r> [ɻ] | <y> [j] |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Warlpiri» frå Wikipedia på bokmål, den 24. desember 2012.