Watanabe no Tsuna

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Watanabe no Tsuna

LandJapan
FarMinamoto no Atsuru
BarnMatsura Hisashi
Watanabe no Tsuna møtir Ibaraki-dōji ved Modoribashi-brua. Ukiyo-e-trykk av Utagawa Kunisada.

Watanabe no Tsuna (渡邊 綱) (953-1025) var ein japansk samurai, ein følgjesven til Minamoto no Yorimitsu (også kjend som Raikō), og ein av dei tidlegaste samuraiane som blei kjend for militære gjerningar i ei rekkje soger og legender.[1]

Opphav[endre | endre wikiteksten]

Watanabe no Tsuna var ein samurai frå Saga Genji-greina til Minamoto-klanen, og det offisielle namnet hans var Minamoto no Tsuna.[2] Han var son av Minamoto no Atsuru (933-953), gift med ei dotter av Minamoto no Mitsunaka, og barnebarn til Minamoto nO Mototsuko (891-942), oldebarn av Minamoto Nobuoru (848-918) og tippoldebarn av Minamoto no Tōru (822-895), ein son av keisar Saga (786-842), den 52. keisaren i Japan. Tsuna grunnla Watanabe-greina av Minamoto-klanen, og tok namnet frå basen sin i Watanabe i Settsu-provinsen. I 1020 blei han utnemnd til Tango no kami (guvernør for Tango-provinsen). Han var stebarnebarn av Seiwa Genji og Chinjufu-shōgunen Minamoto no Mitsunaka (912-997), og var våpensvein av steonkelen sin Minamoto no Yorimitsu (944-1021).

Namnet Watanabe[endre | endre wikiteksten]

Watanabe no Tsuna var den fyrste personen som tok slektsnamnet Watanabe. Dette namnet er no det femte vanlegaste slektsnamnet i Japan, brukt av kring 1,08 millionar folk i 2017.[3]

Fordi Watanabe no Tsuna er assosiert med soger om at han sigra over oniar som historisk blei sett som dei sterkaste, som Shuten-doji og Ibaraki-doji, seier ein tradisjon at oniar held seg unna folk som heiter Watanabe og husa deira. Av denne grunn har nokre familar med etternamnet Watanabe ikkje praktisert skikken med å kasta bønner for å verna seg mot demonar under høgtida setsubun i fleire generasjonar. .[4][5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Sato, Hiroaki (1995). Legends of the Samurai. Overlook Duckworth. s. 61–64. ISBN 9781590207307. 
  2. Reider, Noriko L (2016). Seven Demon Stories from Medieval Japan. Utah State University Press. s. 27. ISBN 9781607324898. 
  3. 「渡辺」「渡部」「渡邊」「渡邉」の知られざる真実 (på japansk). Toyo Keizai. 28. mai 2017. s. 1,2. Arkivert frå originalen 30. januar 2023. Henta 5. februar 2023. 
  4. 渡辺さんは豆まきしない? 最後に「鬼は内~」 阪神間の多彩な「鬼事情」 (på japansk). Kobe Shimbun. 3. februar 2022. Arkivert frå originalen 2. februar 2023. Henta 5. februar 2023. 
  5. 「渡辺姓」の人は豆まきをしなくていい理由 平安時代の歴史に起因 (på japansk). Livedoor News. 3. februar 2017. Arkivert frå originalen 2. februar 2021. Henta 5. februar 2023.