Wattmeter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Wattmeter

Wattmeter er eit instrument for måling av elektrisk effekt.

Ein av medoppfinnarane til måleapparatet var ungararen Ottó Bláthy.

T3-tariffen[endre | endre wikiteksten]

Tidlegare då T3-tariffen («overforbrukstariff») var meir i bruk, var det vanleg å ha eit «kjøkkenwattmeter» som viste augneblikksuttaket av effekten. Dette wattmeteret hadde ein viser som kunne stillast slik at ein med ein gong kunne sjå om ein trekte så mykje at overforbrukstariffen slo inn. Då var det på tide å skru ned varmvassberederen til middagen var ferdig.

Wattmeter må ikkje forvekslast med kWh-teljaren i sikringsskapet. Denne teljaren summerer den elektriske energien som er levert til anlegget. Med T3-tariff hadde denne to teljeverk: eitt for totalforbruk og eitt for den delen av forbruket som hadde vore overforbruk, det vil sei forbruk når effektuttaket var høgare en avtalt abonementseffekt.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]