Whakapapa skisenter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Whakapapa skifield)
Hopp til navigering Hopp til søk
Whakapapa skisenter
skisenter
Ruapehu-006.jpg
Land Flag of New Zealand.svg New Zealand
Region Manawatū-Whanganui

Whakapapa skisenter
39°14′15″ S 175°33′25″ E

Whakapapa Ski Area, tidlegare kjend som Whakapapa skifield, er eit kommersielt skisenter på nordsida av Mount Ruapehu i Tongariro nasjonalpark på New Zealand. Det er eitt av tre skisenter på fjellet, dei andre er Turoa på sørvestsida og Tukino på austsida. Whakapapa er det største skiområdet på heile New Zealand, og huser den lengste gondolruta, Sky Waka.[1]

Whakapapa Skifield dekkjer 550 hektar og har 30 bakkar.[2] Terrenget er delt opp i 30 % rekna som nybyrjarbakkar, 45 % for vidarekomne og 25 % for avanserte utøvarar.[1] Skisesongen varer vanlegvis frå seint i juni til seint i oktober, avhengig av snø- og vindfordhold. Turoa har ein litt lengre sesong og opner gjerne ei veke før Whakapapa og stenger tidleg i november. Begge er drivne av Ruapehu Alpine Lifts.

Whakapapa Village ligg rundt 6 km unna skiområdet.[3] Her finst det fleire overnattingsstader. Staden er prega av Chateau Tongariro, eit stort, prangande hotell bygd i 1929.[2]

Klima[endre | endre wikiteksten]

Iwikau, som ligg over 400 meter høgare enn Whakapapa Village, er kaldare året rundt, med ein årleg gjennomsnittstemperatur på 5,5 °C. Maksimumstemperaturar varierer mellom 16,6 °C i februar og 3,6 °C i juli. Minimumstemperaturar går frå 5,2 °C i februar til -3,1 °C i juli. Klimaet er klassifisert som Cfc etter Köppen si klimaklassifisering, eller maritimt subarktisk klima. Den tørraste månaden er februar, med 196 mm nedbør, og den våtaste er juli med 399 mm. Årleg har Iwikau 3733 mm nedbør.

Vêr for Iwikau, 1626 m
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Gjennomsnittleg maks °C 16,4 16,6 14,2 10,8 7,2 4,6 3,6 4,4 6,6 9,4 11,8 14,3 10
Døgnmiddeltemperatur °C 10,7 10,9 9,1 6,3 3,3 1,2 0,2 0,9 2,8 5 6,8 9 5,5
Gjennomsnittleg min °C 5,1 5,2 4,1 1,8 −0,5 −2,1 −3,1 −2,5 −1 0,6 1,9 3,8 1,1
Gjennomsnittleg regn mm 236 196 283 281 353 383 399 383 362 302 265 290 3 733
Kjelde: Climate-data.org[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Mt Ruapehu - Whakapapa», www.mtruapehu.com (på engelsk), henta 25. januar 2021 
  2. 2,0 2,1 «Whakapapa Village - Visit Ruapehu», www.visitruapehu.com (på engelsk), henta 25. januar 2021 
  3. «Mt Ruapehu - Getting Here», www.mtruapehu.com (på engelsk), henta 25. januar 2021 
  4. «Climate-data.org – Climate Data for Cities Worldwide». openstreetmap.org. Henta 9. mars 2020.