Whiddy Island

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Whiddy Island is located in
Plasseringa til øya i Irland

Whiddy Island (irsk: Oileán Faoide) er ei øy i Bantry BayIrland. Ho er om lag 5,5 km lang og 2,5 km brei. Så seint som i 1880 hadde øya om lag 450 innbyggjarar, hovudsakleg fiskarar og bønder. I dag bur det om lag 15 menneske på øya, men det kjem mange turistar her i turistsesongen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Dei siste månadane av den første verdskrigen låg det ein amerikanske sjøflybase på øya. Eit av flya styrta den 22. oktober 1918 og ein mann mista livet.

Seint i 1960-åra vart det bygd ein stor oljeterminal på øya av Gulf Oil. Måndag 8. januar 1979 låg den franske oljetankaren «Betelgeuse» til kai og lossa råolje då han eksploderte. Eksplosjonen og brannen som følgde tok livet av 50 menneske. Dette vert rekna som den største skipskatastrofen i irsk historie. Terminalen, som hadde vore i drift sidan 1969, vart aldri fullstendig reparert. Han vart overført til den irske regjeringa i 1986 og har sidan den gong vore nytta til å lagre irske, strategiske oljereservar.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]


Koordinatar: 51°42′N 9°30′W