Wicklow

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Wicklow
Hamna i Wicklow
Hamna i Wicklow
Plassering
Wicklow is located in
Styresmakter
Land
Provins
Grevskap
Irland Irland
Leinster
County Wicklow
Grunnlagd rundt 870
Geografi
Flatevidd
 - By

km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2006)
 - Storbyområde

6 930
12 675
Koordinatar 52°58′39″N 6°2′20″WKoordinatar: 52°58′39″N 6°2′20″W
Høgd over havet 69 m
Diverse annan informasjon
Nettstad: www.wicklow.ie

Wicklow (irsk Cill Mhantáin, tyder «kyrkja til den tannlause») er ein by i i Republikken Irland. Han er det administrative senteret i County Wicklow og ligg sør for hovudstaden Dublin på austkysten av Irland. Han har 6 835 innbyggjarar (2006), men inkludert innbyggjarar i landsbygda rundt byen kjem talet opp i 12 675.

Byen ligg langs hovudvegen N11 mellom Dublin og Wexford, og er òg forbunde til jernbanenettverket til Dublin. I tillegg har byen samband med Arklow, Wexford og Rosslare og har ei stor ferjehamn. Byen har òg ei kommersiell hamn, som hovudsakleg importerer tømmer.

Like sør for byen ligg Wicklow Head, det austlegaste punktet på fastlandet i Republikken Irland.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Byen vart grunnlagd av vikingar rundt 870, og namnet på byen kjem av «Vikinglow» (Vikingenga) eller «Wykynlo», som tyder «Viking Loch» eller «Viking innsjø».

Det er spor etter tidlegare bustnadar nær byen og det finst òg soger som går tilbake til tidlegare tider. Rundt byen finn ein fornminner frå bronsealderen.

Det irske namnet er Cill Mhantáin. Dette er knytt til St. Patrick, som skal ha prøvd å gå i land på stranda Travailhawk, sør for hamna. Fiendtlege innbyggjarar gjekk til åtak på dei og slo ut framtennene på ein i Patrick sitt følgje, som vart kjend som Manntach, «Den tannlause». Manntach vendte tilbake der seinare og grunnla etter ei tid ei kyrkje, derfor Cill Mhantáin, «Kyrkja til den tannlause». Det finst ingen skriftlege kjelder som støttar segna, og namnet kan òg ha eit geografisk opphav.

Normannarane slo seg ned i området etter å ha invadert Irland. Maurice FitzGerald fekk byen, og byrja å byggje ei festning kjend som Black Castle. Ruinane av denne ligg ved kysten rett sør for hamna.

Den eldste bevarte bygningen er fransiskanerklosteret. Andre kjende bygningar er rådhuset og fengselet som vart reist i 1702. Det er no renovert og innreidd som eit vitjingssenter. Ein finn òg East Breakwater, ein bygning som vart reist av Wicklow Harbour Commissioners i 1880-åra.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]