Wien-konvensjonen om vern av ozonlaget

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Wien-konvensjonen, offisielt Vienna Convention for the Protection of the Ozone Layer, er ein internasjonal miljøkonvensjon til vern av ozonlaget, inngått i 1985 og tredde i kraft i 1988. Han er ratifisert av 197 land og av EU.[1] Konvensjonen var ein forløpar for den meir forpliktande Montreal-protokollen i 1987.[2]

Wien-konvensjonen er ein av dei mest vellukka internasjonale avtalane om ein tel talet på land som har ratifisert han. I 2009 fekk han historisk status då han blei den første konvensjonen av noko slag som blei ratifisert av alle medlemslanda i SN.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre wikiteksten]

  1. «Vienna Convention for the Protection of the Ozone Layer». United Nations Treaty Series. Arkivert frå originalen 2011-09-10. Henta 17. januar 2012. 
  2. 2,0 2,1 Olerud, Kåre (4. oktober 2016). «Wien-konvensjonen». Store norske leksikon. Henta 13. juni 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]