Wikipedia-diskusjon:Biografiar

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Tankestrek[endre wikiteksten]

Det finst tre-fire typar vassrette strekar vi kan putte mellom ord: kort bindestrek, lang bindestrek, kort tankestrek og lang tankestrek.

(Kort) bindestrek (-) er grei. Sjå Norsk Språkråd si rettleiing.

På norsk skil me vanlegvis ikkje mellom lang bindestrek og kort tankestrek. Dette teiknet vert brukt i tydinga «frå…til» (eller «mellom…og»), og òg ved innskot og tilføyingar. I den første tydinga skal det aldri vera mellomrom på kvar side av tankestreken. Har me innskot/tilføying, skal det alltid vera mellomrom rundt streken. Sjå Norsk Språkråd si rettleiing.

Lang tankestrek er ikkje i bruk på norsk. Sjå denne rettskrivingsvegvisaren, som er godkjend av Språkrådet.

Eg synest me skal bruka teiknet '  ' (–) for kort tankestrek i Wikipedia. Me kunne òg bruka — (), ettersom me ikkje treng noko symbol for lang tankestrek. (Dette ville dessutan gje oss høve til å skilja mellom tankestrek og lang bindestrek om me ynskjer dét.) Men den tykkjer eg blir litt vel lang, spesielt i tydinga «mellom». (Ved innskot og tilføyingar synest eg personleg at den lange tankestreken ofte tek seg betre ut, men me bør vel vera konsekvente.)

--Verdlanco\diskusjon 12. mai 2005 kl. 1000 (UTC)

Her har Språkrådet lagt seg på ein overforenkla konvensjon med uheldige typografiske resultat. At lang tankestrek ikkje er i bruk på norsk er òg noko som kræsjar stygt med klassisk norsk typografi — dét er no i det minste mitt inntrykk. Det vart redigeringskonflikt da eg skreiv her. Det følgjande er kva eg allereie hadde skrive:
I klassisk typografi skil en no så vidt eg kjenner til mellom ein kortare strek i frå–til-samanheng og ein lengre strek — «tankestrek» ved pause i talerytmen. Den sistnemnde streken (—) blir òg bruka mellom datoar når desse inneheld mellomrom. Dermed har ein ndash i 18551857, men mdash i 14. april 185511. november 1857. Eg veit at dei ikkje gjer det slik på bokmålswikipediaen — men dermed er det ikkje sagt at vi lyt droppe dette skiljet òg. Eller...? :) Olve 12. mai 2005 kl. 1008 (UTC)
Eit tydeleg eksempel på at strekvalet kan vera tydingsskiljande har vi i 15.3–16 (= hovudpunkt 15, frå underpunkt 3 til underpunkt 16) og 15:3—16 (= fråunderpunkt 15.3 til hovudpunkt 16)... Skiljet mellom kort og lang til–frå-strek kan vera viktig! -- Olve 12. mai 2005 kl. 1017 (UTC)
Mitt inntrykk av klassisk bruk av tankestrek er at ein ofte brukar ein mellomlang strek (lang bindestrek/kort tankestrek), utan mellomrom, i frå–til-samanhang. Ved pause i talerytmen nyttar ein ein lengre strek — lang tankestrek — med mellomrom rundt. Dermed har ein ndash i 14. april 185511. november 1857, av di det er frå–til, medan lang mdash vert brukt ved tilføyingar som krev ein stutt pause — slik som dette.
Dømet til Olve med «15.3–16» (som anten kan tyda 15.3 til 15.16 eller 15.3 til heile 16) er eit — eigentleg to — døme på frå–til-bruk, og skal difor ha kort tankestrek i båe tydingane, synest eg. Eg vil i det minste gjerne sjå litteratur med døme på differensiering i slike tilfelle før eg går med på eit slikt skille.
For at ein pause i talerytmen skal vera lang nok til å forsvara lang tankestrek, bør han etter mitt syn vera pausen føre eller etter ein innskoten (eller tilføyd) bolk.
Men dette var altså det eg oppfattar som klassisk bruk, og ikkje retningsliner som Språkrådet er heilt samd i for moderne norsk. Kjeldene eg har vist til over, seier at me berre har éin tankestrek på norsk – den korte. Eg føyer meg gjerne etter dette særs enkle rådet, men viss det er stemning i Wikipedia for å bruka «kløyvd tankestrek» avhengig av tydinga, går eg like gjerne med på dét. Då lyt me ta den debatten me har byrja på her, for å definera kva tid me skal bruka kva for ein tankestrek.
--Verdlanco\diskusjon 12. mai 2005 kl. 1249 (UTC)
Du skreiv: «Mitt inntrykk av klassisk bruk av tankestrek er at ein ofte brukar ein mellomlang strek (lang bindestrek/kort tankestrek), utan mellomrom, i frå–til-samanhang. Ved pause i talerytmen nyttar ein ein lengre strek — lang tankestrek — med mellomrom rundt.» Ja, dette er akkurat det eg òg meiner er den klassiske grunnregelen.
Men dei fleste reglar har unntak....
Ved skråstrek ( / ) skal det, som du veit, som hovudregel ikkje vera mellomrom føre og etter han:
og/eller
Men når minst eitt av elementa ein skil mellom inneheld eit mellomrom, så er det faktisk feil å utelata mellomromma føre og etter skråstreken:
Problemet var brei last / konsentrasjonssvikt.
Fjernar ein mellomromma her, så vil det sjå ut som konsentrasjonssvikten var brei òg:
Problemet var brei last/konsentrasjonssvikt.
På tilsvarande vis er bruken av umodifisert kort tankestrek /lang bindestrek / til–frå-strek mellom element som inneheld mellomrom visuelt potensielt misvisande, og det finst altså ein praksis for å bruke ein lengre strek i fall der ein skråstrek ville ha fått innsett mellomrom føre og etter.
Når det gjeld kjelder, så er dessverre dei fleste bøkene mine austom Atlanterhavet — men det er ikkje eg... Det blir ein lang symjetur for meg å finne hovudkjelda mi. Etter det eg kjem på, så var dette mellom anna grundig handsama i eit gammalt lærebokverk i norsk for ungdomsskulen. Kjem ikkje på namnet på serien, men permen er striput med brun eller blågrå grunnfarge etter målform. :] Olve 12. mai 2005 kl. 1845 (UTC)
Analogien til skråstrek var ikkje dum, den! No er eg på gli!  :-) Kanskje vi burde bruka ein lengre strek når det finst mellomrom (' ') i elementa som streken knyter saman. Men det konsekvente ville då vera å bruka lang tankestrek med mellomrom rundt (jf. bruken av skråstrek med og uten mellomrom rundt). Ditt framlegg var å bruka lang tankestrek utan mellomrom rundt, so vidt eg forstod. Viss dette verkeleg er vanleg, har eg aldri lagt merke til det.
I frå–til-uttrykk der elementa ikkje inneheld ' ' (mellomrom), er me visst samde om å nytta ndash.
Språkrådet er nok ikkje den einaste autoriteten på teiknsetjing, so Wikipedia treng ikkje følgja dei slavisk. I talepausar som skuldast innskot, ser det ut til at me kan semjast om å bryta med rådet frå rettskivingsvegvisaren, og nytta lang tankestrek (med mellomrom rundt).
--Verdlanco\diskusjon 13. mai 2005 kl. 0702 (UTC)

Eg prøvde å setje inn råd om bruk av malane levde og fødd, men no er altså Wikipedia-diskusjon:Biografiar fødd 17. juni 1808... Trondtr 31. juli 2006 kl. 21:04 (UTC).

Og dét er jo feil, for det burde vore fødd 12. mai 2005! Eg har dessverre inga anna løysing enn å skriva det inn manuelt igjen i dømet. Men det som står i nowiki-taggar er heldigvis greitt. -- Ranveig 31. juli 2006 kl. 21:34 (UTC)