Wikipedia-diskusjon:Brukargrensesnittet/Barnesjukdomar

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kategoriar: Bruk Category[endre wikiteksten]

[[Kategori:... verkar ikkje som det skal enno. Bruk [[Category:... i staden. Da blir kategorisidene oppretta, dei lenkjer til dei alle sider som er kategoriserte med [[Category:...-koden — og alt er såre vel... Den dårlege nyheita er at vi anten lyt finne feilen og vente på ny opplasting eller gå gjennom alle artiklane og endre dette eine ordet (som ikkje vil visast for lesarane) til engelsk. Men dette er i grunnen berre ein liten detalj i det totale biletet av godt nytt...! :-)

Kanskje kan nokon med bott-innsikt setje opp ein automatisk prosess med å endre alle [[Kategori:... til [[Category:...? -- Olve 24. okt 2004 kl. 06:38 (UTC)

Eg kan gjera det om alle er samde i at me gjer det slik. Jarle 24. okt 2004 kl. 08:43 (UTC)
Prøvekjøyrde Brukar:Robotcembalo med godt resultat. Jarle 24. okt 2004 kl. 09:07 (UTC)
Om dei einaste alternativa er anten å finna feilen og så få ny opplasting, eller å gå gjennom kvar side for hand, kan eg vel berre setja i gong Brukar:Robot? Det er jo lett å "att(er)opprulla" endringane. Jarle 24. okt 2004 kl. 10:21 (UTC)
Då var Brukar:Robot ferdig. Ser ut til at ting verkar no. Jarle 24. okt 2004 kl. 12:47 (UTC)

Grunnen til at kategoriar ikkje virka skikkeleg og t.d. {{INNHALDSIDETAL}} ikkje virka var truleg at ei (eller fleire) av maskinene i tenarparken til Wikimedia ikkje brukte det nye oppsettet (inkl. LanguageNn.php fil) til nn.wikipedia. Når ein då fekk sider frå denne (eller desse) maskina så vart sidene viste med engelsk brukargrensesnitt og ingen nynorske funksjonar fungerte. Feilen (eller feila) vart først retta opp 24. okt. om kvelden og (truleg) ferdig retta i dag kl. 10:44 (UTC). Eg har hatt problem med mange sider som har blitt viste med engelsk brukargrensesnitt, men no ser alt ut til å fungera, også "Kategori:". Dersom det framleis er problem, finn ein berre feilen ved framleis å prøva å bruka "Kategori:". Det er mogleg at mellomlageret til nettlesaren din kan skapa problem. Dersom de framleis har problem er det fint om de beskriv dei her med konkrete eksempel, tidspunkt og om det evt. var engelsk brukargrensenitt på sida. --Dittaeva 25. okt 2004 kl. 09:19 (UTC)

Feil med syning av lenkjer[endre wikiteksten]

Dersom ein skriv til dømes [[arktis]]k så skal dette etter meininga komme opp med understreking av heile ordet "arktisk", og det gjorde det før konverteringa, men nett no ser det ut som dette: arktisk.

Skal prøva å få ordna opp i dette, men det tek nok litt tid.--Dittaeva 25. okt 2004 kl. 09:19 (UTC)
Fiksa i MediaWiki:Linktrail, takk til en:User:KateIRC.--Dittaeva 25. okt 2004 kl. 10:13 (UTC)

Flytta frå Wikipedia:Samfunnshuset av Guttorm 8. september 2005 kl. 11:35 (UTC) Eg prøvde a lage ein artikkel med ein formel (Watt-formelen teken frå engelsk wikipedia), men fekk feilmeldinga Klarte ikkje å tolke formelen (PNG konvertering var mislukka; sjekk at latex, dvips, gs, og convert er rett installerte): \mbox{ W} = \frac{\mbox{J}} {\mbox{s}} = \frac{\mbox{N·m}} {\mbox{s}} = \frac{\mbox{kg·m}^2} {\mbox{s}^3} = \mbox{ V·A}

Fekk tilsvarande melding på nb, medan det ser ut til å gå bra på engelsk, men der "eksisterar" jo den på eit vis frå før. Tyder dette at eg må installere den nemnde programvaren, eller at den ikkje fungerar på nn.wikipedia.org? -- Larsivi 1. apr 2005 kl. 1758 (UTC)

Det ser ut som dette berre er eit problem for Watt-formelen, eg har laga ein bug for det. --Guttorm 1. apr 2005 kl. 1952 (UTC)