Wikipedia-diskusjon:Korleis visa framande skrifttypar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Flytta hit frå Wikipedia:Samfunnshuset av Ranveig 25. juli 2005 kl. 21:25 (UTC)

Oppsett av nettlesar[endre wikiteksten]

Eg tykkjer det kunne vere interessant å ha litt informasjon om korleis ein får nettlesarane til å vise alle typar skriftteikn korrekt samstundes. Eg brukar Firefox og det meste ser rett ut, men Japansk (ja), as, Bangla (bn), km, ko, ml, zh iallfall vert kun vist med '??' etc og det er litt forstyrrande :) Larsivi 8. mar 2005 kl. 1202 (UTC)

Du må søka etter Unicode-fonten for kvart av språka på internett og installera han på systemet ditt. Så skal dei fleste programma kunne vise dei ulike teikna. -- Ranveig 8. mar 2005 kl. 1839 (UTC)
Eg skulle til å protestera at det ikkje er så enkelt, men takk for å ha opna augo mine Ranveig! Dersom du brukar WinXP, Lars, føreslår eg at du tek ein titt på unicode.org, den mest komplette fonten er visst Arial Unicode MS font (uheldigvis). Eller vil eg føreslå Code2000-2001, [1] og [2] for å finna fontar, og Wikipedia:Interwikilenkjer for å testa. --Guttorm 8. mar 2005 kl. 2127 (UTC)