Wikipedia-diskusjon:Pressemeldingar/10 000 artiklar

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Det byrjer å verta fleire og fleire milepælspressemeldingar verda rundt, men me har ennå ikkje hatt ein frå vår side (anna enn det som vart nemnd når nb hadde sin pressemelding på 10000 artiklar i fjor). Tenk me er like store allereie! Eg trur at ei pressemelding om den 10.000. artikkelen kan vera ein måte å få litt meir blest om oss på.

Når det gjeld kva me skal putta i pressemeldinga, har me jo allereie ein del tekst forfatta, blant anna det som er skrive på plakaten vår.

Det hadde vore fint om me har ein liten hjernestorm om mottakarar. Sjølvsagt bør me senda pressemeldinga til dei store avisene og TV- og radio-kanalar. Men eg veit òg at sjansen er liten for at me får noko særs dekning av hendinga i dei største riksdekkjande avisene. Eg har byrja på ein bolk på denne sida med ei liste over potensielle mottakarar, gjerne med ei lenkje til kontaktinformasjon. Legg til dei de kjenner til i lista de finn på Wikipedia:Marknadsføring#Mottakarar. Bjarte 1. jun 2005 kl. 1320 (UTC)

10 000 artiklar![endre wikiteksten]

No må me få skrive ferdig pressemeldinga og sendt ho av garde til så mange som mogleg!!! Mediemerksemd kan vera avgjerande i rekrutteringa av fleire skribentar.

Kva må gjerast[endre wikiteksten]

  1. Skriva ferdig pressemeldinga
  2. Leggja til pressekontaktsperson(ar)
    1. Eg kan gjerne sjølv vera ein av desse (nokon kan hende tykkjer det er spanande å intervjua ein som bur i Australia og driv med dette), men det kan vera fornuftig å ha ein i Noreg òg :)! Guttorm? Kristian André? Lars Ivar? Jorunn om du avanonymiserer deg ;)? Bjørn frå Sogn, i Oslo? Kjetil Lenes? Jarle? Andre friviljuge?
Brukar:Ranveig, kva med deg? Du er i det minste i same tidssone. :)
Eg skal til India i morgon! Vekk frå tidssonen... -- Ranveig 7. august 2005 kl. 12:36 (UTC)
God tur! Bjarte 7. august 2005 kl. 12:37 (UTC)
Guttorm veit eg ikkje er heime, men han kjem kanskje heim snart? Bjarte 7. august
Gunleiv?

2005 kl. 12:39 (UTC)

Eg har ikkje noko ynskje om å vere kontaktperson. -- Larsivi 7. august 2005 kl. 14:48 (UTC)
  1. Fordela arbeidet med utsending
    1. Eg har lagt til kontaktinformasjonslenkjer til alle organa lista på Wikipedia:Marknadsføring.
  2. Senda pressemeldingar
    1. Sist gong eg sende pressemeldingar var det før e-post-tida. I dag føregår vel det meste slik via e-post? Kan hende det kan lønna seg å faksa enkelte i tillegg? Har nokon erfaring med dette?
      1. I dag trur eg dei fleste føretrekk å få slike pressemeldingar elektronisk. Faren er (men det blir det same med faksar) at dei i større redaksjonar har vanskar med å nå fram til redaksjonssjefar o.l. Dei ender lett opp som notisfyll (og då er e-post lettare; copy og paste). Mitt inntrykk er at aviser ivrar etter å få reportasjar rett opp i fanget og at dei les inn-boksen sin relativt grundig. Då er det viktigare å gi ei personleg vinkling på meldinga, særskilt for lokalaviser. Innleiingar som: "Sogning skreiv artikkel nummer 10.000" gjer seg godt i Sogn Avis-redaksjonen osb. --Bep 9. aug. 2005 kl. 16:54 (UTC)
    2. Skal meldinga sendast søndagskvelden, slik at dei har han i innboksen på måndagsmorgon, eller er det best å senda om morgonen?
      1. Eg må leggja meg nå, og for knapt med tid til å gjera noko særs i morgon tidleg (søndag kveld norsk tid). Eg skal likevel sjå innom og sjå om det er noko eg kan hjelpa til med. Bjarte 7. august 2005 kl. 12:34 (UTC)
    3. Skal heile pressemeldinga med lenkjer og alt sendast, eller berre ei lenkje til pressemeldinga her? Bjarte 7. august 2005 kl. 21:33 (UTC)
Har nokon begynt å senda ut meldingar ennå? --Bjarte 8. august 2005 kl. 10:21 (UTC)
Ikkje det eg veit... Ser dei siste endringane mine greie ut, synest du? Olve 8. august 2005 kl. 10:25 (UTC)
Ser bra ut! :) Då me byrja utsendinga. Eg har ikkje anledning til å gjera noko med det no dessverre, ikkje før om 20 timar frå no. Bjarte 8. august 2005 kl. 13:33 (UTC)
Då har eg sendt til mange av dei på kontaktlista vår. Sjå der for ei komplett liste. Må gå no, men skal gjera resten om nokre timar. Bjarte 9. august 2005 kl. 03:39 (UTC)
No har mest alle på kontaktlista fått (minst ein) pressemelding. Vennlegst ikkje send fleire til desse no :) Viss de kjem på fleire ein kan senda til er det fint! Bjarte 9. august 2005 kl. 06:48 (UTC)
Dei har sikkert fått ei pressemelding allereie, men eg har sendt ei "påminning" til ein *slektning* av meg i fylkesradioen heime. Eg jobba ein gong i tida i avis i heimfylket sjølv, og kan evt. ta direkte kontakt med nokre av mine gamle kollegaer om ynskjeleg. --Bep 9. aug. 2005 kl. 16:44 (UTC)

Som de kanskje har fått med dykk er eg på WikiMania no. Eg kan godt vera pressekontakt (har allereie kontakt med ei avis i samband med WikiMania). Eg er heile tida tilgjengeleg pr. tlf. og er tilbake i Noreg 11. aug., vil ikkje kunna hjelpa til noko særleg anna enn å ta telefonen innan 12./13. aug. Heime har eg og tilgang på eit utval e-postadresser til ein del presse. Sidan me ikkje kan kobla 10 000 artiklar milepælen til eittårsdagen (me kan, men det beste hadde jo vore om me passerte 10 000 artiklar på eittårsdagen), kan me kanskje kobla det til WikiMedia? Det burde vera nok av info i (tyske) nyhenda, bloggar, Meta, Commons og Flickr (ev. sjå etter PD-bilete som kan brukast?). Nokre retningsliner om kva Nynorsk Wikipedia som ei eining meinar (om t.d. nn versus nb) hadde også vore fint, sjølv om eg trur eg kan vera diplomatisk/nøytral/objektiv/konstruktiv nok utan dei. Dette gjekk litt fort, men håpar det kan vera brukande.

Kontaktinfo:
Guttorm Flatabø
dittaeva [krøllA] yahoo.com
tlf.: +47 40060972

Er postadresse naudsynt? Dersom det er betre med ei litt meir representativ e-postadresse kan eg bruka ntnu-adressa mi, må berre forsikra meg om at eg får e-posten som blir sendt til den. --Guttorm 7. august 2005 kl. 14:28 (UTC)

Fint Guttorm! :) Addressa er ikkje naudsynt, tykkjer eg, nei, men kan hende du kan skriva kvar du bur, det er dei alltid interesserte i ... De kan gjerne òg lista opp meg.
Kontaktinfo:
Bjarte Sørensen, Sydney, Australia
bjarte [krøllA] student.unsw.edu.au
tlf.: +61 423 852 855 (mellom 08:00 og 16:00 norsk tid)
Bjarte 7. august 2005 kl. 21:25 (UTC)

Nynorsk Wikipedia si pressemelding[endre wikiteksten]

Vonar alle har fått med seg at me no har 10 000 artiklar? Dette er ein milepæl som me må passa på at medie-Noreg veit om, og bruka han for det han er verd slik at me får spreia ordet! Kom til Wikipedia-diskusjon:Marknadsføring/Nynorsk Wikipedia passerer 10 000 artiklar og ver med på pressearbeidet! Bjarte 7. august 2005 kl. 09:14 (UTC)

// Gratulerar til oss! Gratulerar til oss! Gratulerar til Arvind -- gratulerar til oss! // -- Ranveig 7. august 2005 kl. 09:24 (UTC)

Gratulerer med dagen, Ranveig! Og gratulerer med geburtsdagen, Ivar, og gisseleiken, Arvind! :) Bjarte 7. august 2005 kl. 09:25 (UTC)

Då lyt me vel koma med i 10 000+-klubben på den internasjonale framsida? –Jarle 11. august 2005 kl. 23:20 (UTC)

Eg har fiksa det. Wolfram 12. august 2005 kl. 00:08 (UTC)
Takk for det, Wolfram! Bjarte 12. august 2005 kl. 07:23 (UTC)

Flytta frå Samfunnshuset av EIRIK\diskusjon 16:10, 4 oktober 2006 (UTC)

Senterungdomen gratulerar nn.wiki![endre wikiteksten]

Og no har saka hamna øvst på framsida på Nynorsk.no! / Kurtber|Ordskifte
Flott Kurt-Rune! Lurer på kven som stod bak dette ;) Bjarte 19. okt. 2005 kl. 00:53 (UTC)

Slutt på innhald flytta frå Samfunnshuset av EIRIK\diskusjon 16:10, 4 oktober 2006 (UTC)