Wikipedia-diskusjon:Namnerom/ordskifte om nye namnerom

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk


Bør Wiktionary og Wikiquote heller vera nye namnerom i Wikipedia?[endre wikiteksten]

Kopiert frå no.wikiquote.org av Verdlanco 6. mai 2005 kl. 0933 (UTC):

Hei Ranveig! Du har oppdaga wikiquote! Før du går i gang med nynorske sitat eller nn.wikiquote ville eg berre nemna at eg har tenkt på om ikkje slikt kunne inkluderast i eit eige "sitat:" namnerom på nn.wikipedia. For det er vel ikkje noko i vegen for at oppslagsverket også inneheld eit sitatoppslagsverk. På den måten unngår ein oppsplitting av overvakingslista, siste endringar, fleire logins/kontoar, separate mediawiki systemmeldingar, og ein kan lettare lenka til sitatsider. Dersom ein gjer det til eit eige namnrom i programvaren vil ein også kunne avgrensa seg til søk i dette namnerommet osb. Med litt modifikasjonar i programvaren kan ein kanskje også få gjort det slik at namneromdelen av lenker ikkje blir vist t.d. at [[Sitat:Per Hernæs]] blir til Per Hernæs utan å skriva [[Sitat:Per Hernæs|Per Hernæs]].

Eg har ikkje formulert dette noko betre nokon annan stad, men kva tykkjer du. Namnerom delen av arbeidet er ikkje noko vanskeleg i det heile teke.
--Dittaeva 8. nov 2004 kl.21:32 (UTC)

Sitat[endre wikiteksten]

Flytta frå Brukardiskusjon:Dittaeva av Guttorm 6. mai 2005 kl. 1018 (UTC):

Re: ein kommentar du hadde for rundt eit halvt år sidan.

Eg var i det heile tatt ikkje så imponert av Wikiquote, derfor oppdaga eg ikkje meldinga di der før no. I mellomtida har eg tenkt på korleis ein kan visa fram sitat på ein elegant måte med Wikimedia, heller enn å laga nok ei internett-side med ei samling lausrivne formuleringar.

Dette kan sikkert løysast av eit Sitat: namnerom, som eg ser for meg kan verka liknande dagens <gallery>. Ordlyden av sitata blir viste fram på ei side, medan ein kan få fram ei utdjupande skildring med kjelde og eventuelt kontekst og formuleringa på opphavsspråket ved å klikka på sitatet eller ei «meir»-lenkje. Altså på same måte som bilde fungerer i dag. Same sitatet kunne visast på fleire sider, både på sida til den som sa det og på ei temaside om emnet deira.

Er dette for mykje strev for det me ville få igjen, eller kan det gjerast? Kjenner du i så fall nokon som kan gjera det? -- Ranveig 4. mai 2005 kl. 2149 (UTC)

Eigentleg så kunne eg ha skrive det same om wiktionary, sources og wikibooks. Problemet er at med dagens system så er ting alt for oppsplitta. Noko som gjer det mykje vansklegare å jobba på fleire prosjekt samtidig og oppnå "synergieffektar". Sjølv har eg vel eigentleg gjeve opp integreringstankane mine, dei går så mykje på tvers av det som er etablert og krev så mykje tankearbeid både for meg, samfunnet og utviklarane at.... eg har mykje gjeve det opp.
Når det er sagt så kan me gjera det eg hadde tenkt meg dersom ingen store protestar dukkar opp (me kan også få ein eigen "wikifrasar-logo til å visast i staden for Wikipedia-logoen når ein er i "sitat:"-namnerommet). Å få utvikla det du snakkar om er nok ikkje heilt usannsynleg heller (ein kan også gjera det i dag med ulike uelegante triks, trur eg), mest fordi det er stor etterpurnad etter å kunna visa tekst frå Wikimedia Commons på den måten, og det blir utvikla eit Commons-databasesystem som skal gjera det mogleg å visa data frå commons på alle wikimedia-prosjekta. --Guttorm 5. mai 2005 kl. 0905 (UTC)
Fint! Eg hadde allereie tenkt ut ei uelegant løysing, men likte henne ikkje. Då er det bare å venta og sjå om det blir noko frå Commons-utviklarane. Sei gjerne ifrå om du høyrer noko meir! -- Ranveig 5. mai 2005 kl. 1750 (UTC)

Orsak om eg bryt inn her, men eg berre undra på om dette med wikisleng også kunne brukast til lokale og familiære uttrykk. Eg oppfatta wikisleng i utgangspunktet som ein uoffisiell stad for å forklara etablerte ord og uttrykk, men etter å ha tenkt litt på det fann eg ut at eg kjenner jo til mange ord eg har frå slekt og nabolag, som på ingen måte er etablerte i samfunnet, men som kunne vera artige å ha med om ikkje for anna enn løye. Er det plass for slikt på wikisleng og/eller wikipedia? --Eddi (Snakk) 5. mai 2005 kl. 0135 (UTC)

Slik eg ser det så kan du bruka nn.wiktionary eller no.wiktionary til det du beskriv, og for min del må du no gjerne bruka nn.wikipedia også, men det er det sikkert dei som er ueininge i, me kan godt oppretta "ord:"-namnerommet for å beskriva ord. --Guttorm 5. mai 2005 kl. 0905 (UTC)
Eg synest ikkje det er lett å sjå den prinsipielle skilnaden mellom eit nytt namnerom-prefiks ([[Ord:Feme]]) og det Wiktionary-prefikset me allereie har ([[wikt:Feme]]). Det same gjeld for Wikiquote.
--Verdlanco\diskusjon 5. mai 2005 kl. 1659 (UTC)
Har du lest det Ranveig lenkjer til øverst? Det er sentralt for å forstå samanhengen. --Guttorm 5. mai 2005 kl. 1705 (UTC)
Men eg kan no repetera også:-) fordelen med namnerom er at ein slepp spre arbeid på fleire databasar som har eigen innlogging, eigne siste endringar, eiga overvakingsliste, osb., lenkjer vil vera raude dersom det ikkje er skrive om eit emne, ein kan dra nytte av dei som allereie er involvert i Wikipedia, ein slepp å bruka prefiks for å lenkja til wikipedia-artiklar (og ein kan sjå om dei eksisterar), ein slepp å halde orden på fleire brukargrensesnitt-omsetjingar, osb. Det er sjølvsagt ulemper også som eg ikkje har nemnd. --Guttorm 5. mai 2005 kl. 1711 (UTC)
+me kan vise innhaldet frå ei ordside eller sitatside på ei wikipediaside med {{ord:Feme}} (t.d.). --Guttorm 5. mai 2005 kl. 1733 (UTC)
Guttorm skreiv: "Slik eg ser det så kan du bruka nn.wiktionary eller no.wiktionary til det du beskriv, og for min del må du no gjerne bruka nn.wikipedia også, men det er det sikkert dei som er ueinige i" - eg trur vår wikipedia har plass til orddefinisjonar, så lenge dei er utfyllande og interessante. Sjå til dømes kva me fekk ut av snaragadd. Skriv kva det er, korleis og kvar det blir brukt, altså gjer det litt vidare enn ein vanleg ordboksdefinisjon, og det høyrer heime i kunnskapsboka. -- Ranveig 5. mai 2005 kl. 1750 (UTC)
Å ja! No ser eg at det er føremonar med det. Det vert vel ikkje lettare å lenkja til sidene om ein får skriva Ord: som prefiks istadenfor wikt:, men ein ville sjå skilnad på raude og blå peikarar, noko som iblant kan vera greitt, og dessutan ville alt bli internpeikarar, slik at Lenkjer hit-knappen vil få med seg alle kryssreferansar (den verkar jo ikkje for interwiki-referansar).
--Verdlanco\diskusjon 5. mai 2005 kl. 2058 (UTC)
Men ein kan lenkja til vanlege wikipedia-artiklar utan prefiks. Gløymde også å nemna at ein kan flytta sider frå t.d. wikipedia til ord eller andre vegen. --Guttorm 5. mai 2005 kl. 2149 (UTC)
Einig i at det er lurt å leggje ordboksaktig materiale hit òg — trur vi kan få til eit betre produkt om vi utnyttar formatet her så godt som råd. Eg likar idéen om eige namnerom for sitat — så sant dette ikkje fører til noko teknisk problem. :-) Når dét er sagt, så trur eg det er bra om vi prøver å laga «vanlege» leksikonartiklar på så mange ord som råd, og tilvisingar til artiklar med tilsvarande innhald i fall med dialektsynonym (slegel = slue = tust; smale = får = sau; o.a.) Olve 5. mai 2005 kl. 2114 (UTC)

Så fint at de likar ideen! Er einig med Olve. Eg trur det vil vera teknisk lett å få til ei integrering som er nesten lik slik situasjonen er i dag, men med dei nemnde fordelene. Ulempene blir:

  • Statistikk: Ord- og sitatsider blir ikkje inkludert i artikkelstatistikken, men får heller ingen eigen statistikk, dei vil bli samla i øvrige-sider-teljinga og alle-sider-tilsaman-teljinga. Men dette er nok enkelt å løysa i programvaren og er sikkert etterspurt uansett.
  • URL: nn.wiktionary.org og nn.wikiquote.org kan sikkert peika til nn.wikipedia.org/wiki/Ord:Hovudside og nn.wikipedia.org/wiki/Frasar:Hovudside, men deretter vil det jo stå både "wikipedia" og alltid "Ord:" og "Frasar:" i URLen, det burde no ikkje vera så alt for vanskeleg å løysa dette heller, men ettersom det er ei ustandard løysing så....
  • Verkty: det kan vera fint å ha endringar i alle namnerom samla på den same "siste endringar", overvakingslista, og lenkjer hit, men det kan også vera ynskjeleg å skilja det, særleg når aktiviteten vert større. Ei tekninsk løysing på dette er nok etterpurd uansett.
  • Metanamnerom: Dersom ein treng metasider for "frasar:" og "ord:" treng ein nok også eit metanamnerom, eller?
  • Interwiki: Interwikilenkjer vil gå til wikipedia, ikkje til wiktionary, el. wikifrasar, dette blir det nok ikkje enkelt å endra.
  • Kategoriar: Blir blanda med wikipedia-kategoriar.

Ellers reknar eg altså med at det skal gå greit å:

  • Laga eigne namnrom som oppfører seg akkurat som andre namnrom og dermed ikkje påvirkar artikkelstatistikken.
  • Visa tilpassa logoar når ein er på dei nye namneromma.
  • Omdirigera trafikk frå nn.wiktionary og nn.wikiqoute til t.d. nn.wikipedia.org/wiki/Ord:Hovudside og nn.wikipedia.org/wiki/Frasar:Hovudside
  • Ev. oppretta metanamnerom for dei to prosjekta.
  • Andre ting som bør løysast? Guttorm

Eg støtter òg dette. Kjekt om nn kan gå føre som eit døme her! For tida finst det ca. 600 implementasjonar av MediaWiki under Wikimedia sin paraply, og utanom (berre blå) interwikilenkjer, er dei mest heilt sjølvstendige. Følgene av dette har eg irritert meg over sidan eg starta, og eg skjønar ikkje kvifor det ikkje vert teke tak i frå sentralt hold. Eg har spurd fleire av dei meir sentrale utviklarane, og når eg spurde kva tid kjem noko slikt til å skje svara ein tørt "2037" eller noko slikt.

Ein annan ting som må sjåast på er administrator/byråkrat-brukarar i forhold til desse andre prosjekta. Slik det er i dag, er det ofte ulike personar som er administratorar på dei ulike prosjekta. Bjarte 5. mai 2005 kl. 2214 (UTC)

Ja eg har som de sikkert skjønnar irritert meg grasalt eg også, for ikkje å snakka om den elendige språkintegrasjonen, men eg har ikkje ein gong turd å spørra. Eg ser ikkje på administratorspørsmålet kan me heilt sikkert løyse ved å få litt fleire administratorar her, så lenge dei lovar å ikkje slette og blokkere i vildens sky slik at me får engelske tilstandar her. Dersom Verdlanco og Ranveig stöttar dette og ingen andre (Eirik, Kristaga?) har innvendingar set eg gjerne i gang, men det er ikkje sikkert eg har tid för 1. juni (det same gjeld oppdatering av brukargrensesnittet, dersom andre har lyst aa hjelpa med det saa gje lyd). --Guttorm 5. mai 2005 kl. 2229 (UTC)
Hmm? Brukar eg å ha mange innvendingar? Eg har i kvart fall ikkje noen til dette. --KRISTAGAα-ω 6. mai 2005 kl. 0200 (UTC)
Eg spurde ikkje fordi eg ser på deg som ein kranglefant, men fordi eg ser du har vore litt involvert i nn.wiktionary, men det ser ut som Eirik har vore mest involvert. --Guttorm 6. mai 2005 kl. 1018 (UTC)
Mine erfaringar frå open-kjeldekode-prosjekt er at dei sentrale utviklarane sjeldan tek i mot / høyrer på forslag då dei har altfor mange idéar sjølve som dei vil implementere, og slik er det kanskje med MediaWiki óg? (Eg har ikkje vore innom kommunikasjonskanalane til MediaWiki, så eg veit ikkje om så er tilfelle, eg berre gissar.) Dersom det er slik, er einaste utvegen som regel å trå til sjølv, spesifisere løysinga, eller vegen til løysinga, kanskje implementere ein mindre del av det (eller alt!), få med seg nokre som er einige og som iallfall kan kome med konstruktiv kritikk og deretter vise at løysinga faktisk fungerar og gjer noko som vil vere bra for heile Wikimedia. Eg tykkjer det høyrest ut som eit særs spanande prosjekt (og attpåtil meiningsfylt sett i eit programvareutviklingslys), men kan ikkje sjå for meg at eg sjølv har tid til å eingong tenkje på å involvere meg (eg har jo ikkje eingong fått tid til å sjå på den interwiki-boten). -- Larsivi 6. mai 2005 kl. 0644 (UTC)
Eg har vel det same inntrykket og har lenge vilja skriva ein "spesifikasjon for løysinga", men det tek for lang tid og sjansane for at noko blir gjort med det er alt for små. Me kan jo håpa på at vårt forsøk blir vellukka og kan visast fram som eksempel seinare. --Guttorm 6. mai 2005 kl. 1018 (UTC)
Ja, eg synest dette er ein idé som fortener å bli prøvd.
Eg har oppretta ei diskusjonsside for han. Guttorm, vil du flytta denne debatt-tråden dit?
--Verdlanco\diskusjon 6. mai 2005 kl. 0739 (UTC)

Ny runde[endre wikiteksten]

Sitat[endre wikiteksten]

Flytta frå Wikipedia:Samfunnshuset av Eirik 11. okt. 2005 kl. 09:36 (UTC):

Som de kanskje veit finst det ei lita sitatsamling her på Wikipedia. Denne inneheld mange småsitat i mal-form som kan plasserast i artiklar og sitatsamlinger. I tillegg har kvart sitat noko informasjon om kjelde og kontekst. På mange måter likner dei lyd- og bildefilene ein finn på Commons.

Meininga med denne samlinga er at ho skal erstatta den nynorske versjonen av Wikiquote. Det finst fleire grunnar til at dette er ein god idé:

  • Kvalitetskontroll. Wikiquote på alle språk er eit smalt prosjekt med relativt få brukarar, og ber preg av det. Sitatsamlingane er rotete og inneheld ofte kjeldelause sitat -- mange av dei er truleg feil. Dersom me legg sitata inn under morprosjektet med krav om å oppgje kjelder vil det vera fleire som følger med på endringslista og kan tilpassa sitata og rydda opp i tull.
  • Større samverknad mellom artiklar og sitat. Ein kan bruka sitat til å "illustrera" poeng i artiklar. Ein kan lenkja direkte frå ord og namn i eit sitat til artiklar -- eller sitat -- om emnet. Det blir færre manglar i form av raude lenkjer, men finst dei, kan ein lett sjå det fordi ein er inne på same prosjektet.
  • Meir interesse. Dersom eit sitat blir vist i ein artikkel, vil ein kanskje bli nysgjerrig i å sjå liknande sitat.

Me treng eit par endringar i Wikipedia-oppbyggjinga for at sitatdelen skal verka -- slik eg har tenkt, i alle fall. Kvart sitat ligg no under malnamnerommet som mal:sitat osb. For at ein skal kunne søka i bare sitat, og for at det skal sjå litt finare ut med titlar som Sitat:Emne og Sitatdiskusjon:Emne, vil me (Guttorm og eg) gjerne innføra eit nytt namnerom her, til liks med Wikipedia: og Hjelp:. Er det nokon som har noko imot dette?

Eg vil òg føreslå ein peikar frå Wikifrasar til hovudsida for sitat, med sterk oppmoding om å legga arbeidet sitt her, men kan sjølvsagt ikkje hindra nokon i å jobba vidare med det prosjektet.

Andre idéar som er verd å tenka på er namnerom som bok: (for større skriveprosjekt som no ligg på Wikibooks:no:Hovedside), ord: for definisjonar (i staden for Wiktionary:no:Hovedside), og kjelde: og nyheit:, som Guttorm kan forklara sjølv viss han vil. :-) -- Ranveig 10. okt. 2005 kl. 22:39 (UTC)

Det neste som bør gjerast er at me lagar ein sitatlogo som blir vist (med hjelp av litt javascript som eg veit at allereie er tilgjengeleg) når ein er i sitatnamneromma. For dete trengs det berre litt arbeid med logoen og litt forsking på javascript for formålet.
Slik eg ser det for meg så bør denne ordninga erstatte nn.wikiquote, dvs. at nn.wikiquote.org etterkvart bør omdirigera til nn.wikipedia.org/wiki/sitat:hovudside og ev. adresser til sitatsider som til dømes http://nn.wikiquote.org/wiki/Olav_Duun burde omdirigera til http://nn.wikipedia.org/wiki/sitat:Olav_Duun. Det ideelle hadde sjølvsagt vore om ein kunne bruka nn.wikiqoute.org adressa, men at den viste innhald frå nn.wikipedia.org-databasen og i framtida kan me jo håpa på at det går gjennom. Men slik det er no trur eg dette er den beste løysinga. Det ser ut som om Eirik er den einaste aktive på nn.wikiquote.org, medan Verdlanco har vore aktiv, så dersom dei er med så burde ei omdirigering gå bra. Me kan i alle tilfelle venta litt og sjå korleis det går her. --Guttorm 11. okt. 2005 kl. 08:00 (UTC)
Ein fordel som ikkje er nemd ovanfor er at ein slepp duplisering av arbeid med brukargrensesnittet, hjelpnamnerommet, babelmalane (og sikkert mange andre malar), og til ein viss grad slepp ein duplisering av wikibyråkrati (retningsliner). --Guttorm 11. okt. 2005 kl. 08:41 (UTC)
Me har til ein viss grad drøfta dette før på ei side som eg ikkje finn no, trur det var ein brukardiskusjon. --Guttorm 11. okt. 2005 kl. 08:41 (UTC)

Fleire[endre wikiteksten]

Litt lenger opp her på Samfunnshuset har Kurtber gjort framlegg om å laga historiebok for vidaregåande skule. Medan eg tykkjer dette kanskje var eit litt stort prosjekt å byrja med så trur eg også det har mykje større sjansar her på nn.wikipedia.org. Difor føreslår me å oppretta namnerom for bøker, med same formål som Wikibooks. Eg ser for meg bok: og bokdiskusjon.

Som Ranveig har nemnt trur eg òg me like godt kan oppretta namnerom for å erstatta nn.wikisource i same slengen. Eg ser for meg kjelde: og kjeldediskusjon:, men tykkjer ikkje det er eit heilt ideelt uttrykk.

Nyheit: eller nyhende: ser eg for meg som ei erstatning for nn.wikinews, men i staden for å prøve å erstatte ei komplett nyhendeteneste tenkjer eg meg at dette skal vera mest for å gje folk høve til å skriva komma med ny informasjon på nynorsk. eg ser altså for meg ein fokus på eigenproduksjon, dvs. artiklar som ikkje går så fort ut på dato. Det er mogleg me bør venta med dette.

Ord: ser eg for meg som ei erstattning for nn.wiktionary.org, men eg er ikkje så sikker på om me burde oppretta dette no. Ei ordbok er jo ikkje så nyttig før ho har fått ganske mange artiklar, me skriv om ord på Wikipedia òg, og det er mogleg det blir store endringar innan ordboksystemet med utviklinga av "Ultimate Wiktionary". --Guttorm 11. okt. 2005 kl. 08:41 (UTC)

Det her tykkjer eg høyres utruleg spennande ut! Men eg er einig i at ein kanskje ikkje bør iverksette eit Nynorsk Wikinews-prosjekt i stor stil (sjølv om eg tidlegare var veldig entusiastisk for eit fellesskandinavisk). WikiNyhende-prosjekta ser ut til å gå litt tregt (sjå Svensk Wikinews) Men som eigne namnerom får prosjekta betre rom for å utvikle seg i det stille. -Eg har ikkje so mykje anna å bidra med til diskusjonen enn å seie at det her ser veldig bra ut ;-) / Kurtber|Ordskifte 25. okt. 2005 kl. 12:55 (UTC)

Synspunkt og drøfting[endre wikiteksten]

Nokre synspunkt og eit spørsmål frå meg:

  • Blir det eigne administratorar for Sitat-namnerommet?

Eg synest ikkje eit oppslagsverk bør innehalde for mange sitat. Dersom det berre er meg som synest dette, så får eg vel berre bøye meg for fleirtalet. Eg synest òg (slik eg har oppfatta det) at «oppfinnarane» av «Ultimate Wiktionary» kanskje har vore litt egoistiske, med tanke på dei som ikkje snakkar like godt engelsk som dei sjølv. Ein kan få brukargrensesnittet på morsmålet sitt, men kva med malane og til dømes ordklassar og nasjonalitetsord? --EIRIK\diskusjon 11. okt. 2005 kl. 09:17 (UTC)

Eg trur ikkje det er teknisk mogleg å ha eigne administratorar for eit namnerom, så om me skulle ha det måtte det vera med retningliner noko eg ikkje heilt ser noko poeng med. Einaste poenget med administratorar er jo at dei kan slette sider og blokkere brukarar og det blir vel like lite bruk for når det gjeld sitat som for artiklar.
Slik eg (og Ranveig, trur eg) ser dette for oss så er det eit kompromiss for å dra nytte av dei nemnte fordelene. Eg tykkjer òg at me bør ha eit godt skilje mellom kva som er leksikonartiklar og kva som er sitatsamlingssider. Av den grunn vil eg at me prøver å "emulere" nn.wikiquote så godt som råd, med eige namnerom, eigen logo, eigne retningsliner der det trengs osb.
Eg veit heller ikkje kva det blir av Ultimate Wiktionary og det virkar som om prosjektet er litt "uwiki", poenget er berre at det blir truleg noko av det som kan ha konsekvensar for korleis det er best å gjera ting. --Guttorm 11. okt. 2005 kl. 09:49 (UTC)

Eg synest ikkje eit oppslagsverk bør innehalde for mange sitat, seier Eirik. Det er heilt sikkert mange som er einige, og det var truleg difor Wikiquote blei oppretta. Men det er ein stor skilnad på å fylla opp ein faktaartikkel med sitat og å laga ein eigen sitatdel av verket (det finst då sitatordbøker!). Det vil verta svært likt Wikiquote-ordninga, men med fordelane eg nemnte (i tillegg vil ho ha eit norsk namn). Det vil vera mogleg å velja vekk sitat-delen, til dømes kan ein velja om ein vil sjå sitat-endringar i Siste endringar eller ikkje. Om eg ikkje tek feil vil dei òg hamne utanfor artiklane ein kan få opp i "Tilfeldig side"-søk om ein ikkje ber spesielt om det. -- Ranveig 11. okt. 2005 kl. 10:32 (UTC)

Du tek ikkje feil. Ein vil ikkje få sitatsider når ein trykker på spesial:random, men ein kan få det ved bruk av spesial:random/sitat som me kanskje kan få inn i menyen når ein er i sitatnamnerommet ved hjelp av javascript. --Guttorm 11. okt. 2005 kl. 10:51 (UTC)

Eg reknar med å få gjort noko med dette dei neste 14 dagane. Saknar synspunkt frå Verdlanco. --Guttorm 24. okt. 2005 kl. 21:27 (UTC)

(vill applaus frå galleriet) Då får eg byrja å rydda i dei ulike sitata eg har lagra. -- Ranveig 25. okt. 2005 kl. 07:24 (UTC)

Eit til dels relevant synspukt frå Verdlanco kan ein finne her. --EIRIK\diskusjon 25. okt. 2005 kl. 13:02 (UTC)

Eg er smigra over at folk saknar mine synspunkt! Men i denne saka har eg ikkje greidd å bestemma meg. Eg aner føremonar og ulemper både med Wikifrasar og med eit Sitat:-namnerom inne i Wikipedia. Eg synest det er kjempebra viss Guttorm vil implementera ei lokal ordning. Kanskje dei to systema kan sameksistera i ein periode, så vi faktisk får sjå både føremonane og ulempene med båe delar?
--Verdlanco\ordskifte 25. okt. 2005 kl. 13:18 (UTC)
Ja, eg òg synest vi bør ha begge deler i ein periode, dersom vi skal opprette eit nytt namnerom her på Wikipedia --EIRIK\diskusjon 25. okt. 2005 kl. 19:32 (UTC)
Jaudå, eg har ikkje noko makt til å tvinga fram noko på nn.wikiquote, og hadde eg hatt så hadde eg ikkje prøvd, og det er vel i første omgang eit forsøk dette her. --Guttorm 30. okt. 2005 kl. 23:16 (UTC)

New namespaces vote[endre wikiteksten]

Debatt og røysting frå 30. oktober - 4. november 2005 er flytta til Wikipedia-diskusjon:Namnerom/avstemming om nye namnerom, med ein slags konklusjon under Wikipedia-diskusjon:Namnerom/avstemming om nye namnerom#Respons frå utviklar(ane). --Eddi (Snakk) 7. nov. 2005 kl. 06:37 (UTC) (på ein måte for Guttorm)