Wikipedia-diskusjon:Planlegging

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Prioriterte prosjekt[endre wikiteksten]

Flytta frå Wikipedia:Samfunnshuset Guttorm 22. jun 2005 kl. 1235 (UTC)

Vegen framover[endre wikiteksten]

Vi veks fort![endre wikiteksten]

Vi tek innpå Islandsk wikipedia! Akkurat no har Islandsk w. 1532 sider og Nynorsk w. har 1182. Til samanlikning var tala den 1. september 1142 artiklar for Islandsk w. og 6 for Nynorsk w. Vi er store nok no til at vi er ein ressurs å rekne med på den nordiske wikipediascena — noko som fører med seg ansvar.

Gratulerer med > 3000 artiklar! Dette fører vel til meir ansvar... Eg har omsett ein del artiklar frå nb: den siste tida og har eit inntrykk av at "redaktørane" her er flinkare/ivrigare. Artiklar der blir spirer her. Bra! --Bep 16. feb 2005 kl. 1925 (UTC)
Ja, eg trur det er ein viktig skilnad — den går ikkje nødvendigvis så mykje på kor flinke folk er (sjølv om det ikkje er tvil om at vi har mange svært dugande folk her), men vel så mykje på den ekstra motivasjonen som ligg i å skrive leksikon på eit språk med ein rik litteratur som manglar moderne leksikon. Det finst fleire gode leksikon på bokmål, men noko nynorskleksikon av brukande kaliber har det ikkje vore på marknaden sidan Norsk Allkunnebok i 1964... Ein annan skilnad — og den skilnaden trur eg vi skal vera stolte av og fortsetja med — er tendensen til at dei mest aktive/sentrale bidragsytarane her på Nynorsk Wikipedia står fram med fagleg bakgrunn og ofte fullt namn. Dette gjev meir vekt til bidraga på den eine sida, og på den andre sida gjer det òg at det blir enda viktigare at det vi skriv er godt og etterretteleg sidan det ikkje er verken anonymt eller «pseudonymt». -- Olve 16. feb 2005 kl. 1939 (UTC)

«Skanwiki»[endre wikiteksten]

Blant dei viktigaste oppgåvene vi har er å gjera vårt beste for styrkjing av det skandinaviske/nordiske samarbeidet. Korleis kan vi gjera dette?

  1. Gå gjennom artiklane våre og passe på at dei lenkjer til den tilsvarande artikkelen på no:, sv: og da: der ein slik artikkel finst. Legg desse lenkjene øvst på interwikilista, med no: aller øvst!
  2. Nokon bør òg passe på at vi lenkjer systematisk til is: og fo: på same vis. Legg desse lenkjene rett etter no:/sv:/da:! (Eventuelt òg fi: og se: (nordsamisk).)
  3. Legg gjerne òg en: rett etter dei skandinaviske lenkjene.
  4. Legg helst resten av interwikilenkjene alfabetisk etter språkkoden.

To ting:
1. Robbot fjernar alle nordwikiane (skanwikiane).
2. Robbot gjør om alle nb-ane til no.
Kva gjør vi? --Kristian André 17. feb 2005 kl. 1316 (UTC)

Administratorar (dvs. meg og) kan blokkere robboten, dette har eg ikkje gjort til no fordi eg ikkje tykkjer han gjer nok skade, men det kan altså gjerast. Sjølv tykkjer eg ikkje om skanwiki og kom ikkje på det når eg la inn ei melding til Robboten, Andre Engels på diskusjonssida hans. Dersom du har ICQ kan du kanskje nå han, ICQ nummeret hans finn du på nl. --Guttorm 17. feb 2005 kl. 1358 (UTC)

Samarbeid med no:![endre wikiteksten]

Om det skulle vera noka slags usemje med ein eller fleire brukarar på nokon annan wikipedia — inkludert no:, så ver profesjonell og lat ikkje dette gå utover arbeidet! Arbeid klårsynt fram mot det vi trur er til det beste for alle partar, nemleg mest mogleg integrerte skandinaviske wikipediaer med lett synlege lenkjer til grannespråka våre, med hovudvekt på bokmål.

Mål for 2005[endre wikiteksten]

Eg ser på Spesial:Statistics at me no har 1993 artiklar her. Me kjem snart til å få 2000 artiklar, kanskje i dag! Eg trur at me kan ha som mål for 2005:

  • å nå 10.000 artiklar dette året

Kva tykkjer de? Arvind 11. jan 2005 kl. 19:40 (UTC)

Fine mål det, ja! :-D Tyrkisk skulle vi greie relativt snart — og enkel engelsk òg. Om vi greier å komma oss opp i 10.000 artiklar i 2005 vil vise seg, men i alle fall er dette eit godt mål vi kan strekkje oss mot! Trur elles det kan vera nyttig om vi set oss delmål — som til dømes 5000 artiklar innan 1. juni, 7000 artiklar innan 1. september og 9000 artiklar innan 15. november. Ein viktig del av denne satsinga vil nok vera å få med oss enda fleire skribentar. Vi har no 71 registrerte brukarar her på nn mot 1305 på no, 1555 på da og 3195 på sv. På den andre sida har vi allereie passert islandsk med sine 240 brukarar. -- Olve 11. jan 2005 kl. 22:02 (UTC)
Dette går tydeleg betre enn dei tidlege prognosane: Vi har no, først i mai, berre omlag 600 artiklar att til det tidlegare delmålet for 1. september — 7000 artiklar...! Vi er no på 29. plass av alle wikipediaene, tett framføre slovakisk, men med godt over 1000 artiklar att for å nå att (/passere) tsjekkisk. Olve 5. mai 2005 kl. 0601 (UTC)
Tja, hugs på at mye av den raske økinga har vori årstal, og når dei er oppbruka vil økinga sakke litt ned. Så det kan nok hende eg vinner gjetteleiken om 10000-artikkelen likevel... --KRISTAGAα-ω 6. mai 2005 kl. 0245 (UTC)

Datoar[endre wikiteksten]

  1. Mal for kvar månad - ferdig.
  2. Standardoppsett for dagar - ferdig.
  3. Innlegging av standardoppsett som første dag i kvar månad - ferdig.
  4. Kopiering av standardoppsett frå første dag i månaden til andre datoar i same månad - ferdig
  5. Innleggjing av spesifikke data - Står att. (Sjå 1. januar for eksempel på «ferdig» dato.)

Årstal[endre wikiteksten]

  1. Standardoppsett for alle år - Ikkje ferdig
  2. Mal for kvart hundreår etter år 0 - ferdig.
  3. Mal for kvart hundreår føre år 0 - Står att
  4. Innleggjing av ferdig standardoppsett for kvart år - Ikkje ferdig
    1. Alle årstal på 1800-talet er innlagde. Dei fleste av dei blir foreløpig ikkje medrekna i artikkeltalet sidan dei ikkje har anna innhald enn overskrifter. Med å leggja inn opplysningar om hendingar og fødde/døde på kvart år, vil dei bli rekna som artiklar. Så legg inn data og gjev statistikken vår eit løft! Gå gjerne til 1801 og set i gang! (Olve 22:05, 4 Oct 2004 (UTC))
  5. Innleggjing av spesifikke data - Står att.

Språk[endre wikiteksten]

Det er ca. 6500 språk i verda, til saman ca. 20 språkfamiliar og ein handfull isolat. Vi treng (Dette er lause tankar, ingenting av dette er gjort):

  1. Ei liste over desse språka, ordna etter språkfamilie og undergruppe (t.d. med maksimum 2 (3?) undergruppenivå
  2. Eit skript som kan generere spirer for desse 6500 språka (X er eit språk i Y-gruppa i Z-familien).
  3. Gjerne eit såpass avansert skript at vi får generert språkskjemaet, med språknamnet, og (viss vi kan bruke info frå [1]) primært land språket blir snakka i, SIL-språkkode, og kor mange talarar det har
  4. Ein omtrentleg disposisjon, t.d. noko slikt (vi får ikkje 6500 slike artiklar, men vi kan få svært mange)
  • Infoboks
  • Innleiing som plasserer språket genetisk og geografisk.
  • Avsnitt om skriftspråk
  • Avsnitt om grammatikk
  • Avsnitt om språkhistorie
  • Avsnitt om sosiolingvistiske tilhøve
  • Avsnitt om forskingshistorie
  • Litteratur

Dei kommersiella leksikona har ein lang tradisjon for å sensurere bort all informasjon om grammatikk, så her har vi eit område der wikipedia skil seg positivt ut.

Den finske wikipediaen har ein infoboks under språkartikkelen, som gjev lenkjer til dei andre språka i same språkgrein (jf. fi:liivin kieli. Det kunne kanskje vore ein idé. Trondtr 2. jun 2005 kl. 1819 (UTC)

Fine tankar dette! :-) Har oppretta Wikipedia:Wikiprosjekt Språk og kopiert forslaget over til den tilhørande ordskiftesida. Ordskifte og prosjektutforming kan fortsetja der... :-) Olve 2. jun 2005 kl. 1945 (UTC)

Generelle artiklar[endre wikiteksten]

  1. Liste over artiklar vi bør ha

Promoarbeid[endre wikiteksten]

Eg er djupt imponert over arbeidet nokre få eldsjeler (og mange andre) gjer for denne Wikipedia. Men eg blir lett svimmel berre over å sjå alle raude linkane mine artiklar bidreg med.

Difor ynskjer eg å føreslå nokre kvalitets-framstøytar ovanfor media og andre for å få fram fleire kvalitets-bidragsytarar til dette leksikon. Artikkelen i Sogn Avis var ein suksess (hehe... eg vart medlem etter denne artikkelen). Eg meiner me treng fleire skribentar. Eg kan sjølv ta på meg å ordne (i alle fall freiste...) ein reportasje i NRK Sogn og Fjordane, dersom nokon av dei sentrale personane er viljuge til å stille opp. Kanskje nn.wikipedia burde setje opp ein mediestrategi?

Eg har òg vurdert å freiste å verve nokre av mine meir kunnskapsrike kompisar. --Bep 21. mar 2005 kl. 2017 (UTC)

Stønad?[endre wikiteksten]

Flytta frå Wikipedia:Samfunnshuset av Guttorm 8. september 2005 kl. 11:25 (UTC)no: diskuterar dei om Wikipedia bør søkja finansiell stønad frå Fritt ord-fondet. Dette er ein god idé. Her bør no: og nn: gå saman om ein søknad, og ikkje framstå som konkurrentar, synest eg.
--Verdlanco (diskusjon) 28. mar 2005 kl. 1501 (UTC)

Det er vel i tilfelle Wikimediastiftelsen som må søke (det er jo de som skal disponere midlene i alle fall), men de norske wikipediamiljøene kan bistå ved utformingen av søknaden. Wolfram 28. mar 2005 kl. 1709 (UTC)
Korleis ligg det an med dette? Det høyrest ganske genialt ut! Her bør det ikkje vera noko knussel - kor mykje arbeid kunne vi fått ut av ein million t.d.? Dersom dei som redigerer nn: og nb: går saman i eit friviljug lag registrert i Brønnøysund burde ein kunne søkje sjølv òg utan å gå vegen om Wikimediastiftinga. Vidarlun 25. apr 2005 kl. 0643 (UTC)

Bokmålswikipediaen[endre wikiteksten]

Flytta frå Wikipedia:samfunnshuset av Guttorm 9. september 2005 kl. 19:10 (UTC)
Det kan vera grunn til å følgje ekstra godt med på korleis Bokmålswikipediaen greier med tilliten vi har gjeve dei med å late dei behalde det landsdomenet no: i staden for språkkoden nb:. -- Olve 12. juli 2005 kl. 00:29 (UTC)

Innlegg flytta frå Samfunnshuset av EIRIK\diskusjon 16:23, 16 august 2007 (CEST):

Noregs Mållag lyser ut to stipend à 50 000,- FRIST 15. FEBRUAR[endre wikiteksten]

Noregs Mållag lyser ut to arbeidsstipend som skal brukast for å få nynorsken inn på nye område. Eit nettleksikon bør vera ein god kandidat. Om nokon har høve til å verta frikjøpte eit par månader, eller kan ta ein slik sumarjobb, kan dette vera eit godt høve. Fristen er allereie 15. februar. Om nokon har ein god plan, les meir på lenka under. http://www.nm.no/tekst.cfm?id=2254 Dette usignerte innlegget vart skrive av Sigbjørn (diskusjon · bidrag)

God idé Sigbjørn. Håpar nokon har høve til å gjere dette. --Cato 16:27, 6 februar 2007 (CET)

Å håpe det beste er ikkje alltid nok. Viss ingen her fortel at dei vil søkje, har vi grunn til å frykte det verste, at ingen søkjer. Dvs. at dei som kjenner folk som har har høve til å gjere noko slikt bør ta dei for seg. Som eg tidlegare har sagt her, håpar eg at folk kan ta opp ideen med å bruke Nyno for Wikipedia (sjølv om det sikkert også går an å søkje for å arbeide på «vanleg» vis. Så: Kven vankar i miljø der dei finn kandidatar? NMU? Fram med dei! Trondtr 00:08, 7 februar 2007 (CET).
Eg har skrive søknad som eg finpusser på no. Takk for påminninga! --Ranveig 02:10, 11 februar 2007 (CET)

Slutt på innlegg flytta frå Samfunnshuset av EIRIK\diskusjon 16:23, 16 august 2007 (CEST)