Wikipedia-diskusjon:Strukturering

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk


Lenkjer utanfrå. Det er for lite heilskap[endre wikiteksten]

Eg ser at mange artiklar som lenkjer til sider utanom Wikipedia brukar nemninga: «Eksterne lenkjer» medan mange andre artiklar igjen brukar «På verdsveven». Personleg synes eg sistnemde høyres best ut sidan den ikkje nyttar det mange tolkar som framandord, medan det ser ut som det første er meir brukt. Uansett, kva av dei ein går inn for, hadde det beste vore at me bestemde oss for kun ein av dei, og held oss konskekvent til den. Ellers vert det for mykje styr, og lite heilskap, fryktar eg.

Kva av dei skal me gå for, 1 eller 2? Kva meiner dykk andre? --Anders 10. september 2005 kl. 16:23 (UTC)

Eg likar best «På verdsveven», og pleier å bruke den. EIRIK\diskusjon 10. september 2005 kl. 16:32 (UTC)
Eg trur me drøfta dette tidlegare i år, eller i fjor, og så vidt eg minnest var «Eksterne lenkjer» lite omtykt. Men eg trur ikkje det blei vedteke noko bindande om kva som skulle brukast, eller at det eine skulle endrast til det andre over alt. Kan nokon andre hugsa om, og i så fall kva tid og stad, dette var oppe til debatt, og om det er arkivert nokon stad? Alternativt så er det eg som går i ball, og det var på no: det blei diskutert. Men i så fall kom det sikkert fram nyttige synspunkt der òg – men når og kvar? --Eddi (Snakk) 10. september 2005 kl. 21:46 (UTC)
Du har rett, me diskuterte det i mars i år heime hjå han Guttorm. Bjarte er litt stolt av at nynorskleksikonet er vorte så stort at han måtte nytta google for å finna denne diskusjonen...
Sjølv tykkjer eg "eksterne lenkjer", evt "ekstern lenkje" når det berre er ei, er best, for det syner tydelegare at lenkja leier til ein stad utanfor wikipedia. Wikipedia sjølv er jo òg "på verdsveven", like mykje som andre vevsider. Dessutan tyder "verdsveven" det ein kallar "world wide web" på engelsk, med andre ord berre sider som nyttar http-protokollen. Sjølv om dei fleste lenkjer peiker på ei side som nyttar denne, treng ikkje alle gjera det. Bjarte 11. september 2005 kl. 07:17 (UTC)
Medan eg liker "Peikar ut" eller "Peikarar ut" fordi det er betre norsk. Fordelen med "På verdsveven" er at me ikkje treng endra det ut frå om det er ein eller fleire peikarar under, elles er eg ikkje så glad i det, eg heller. (Anders: Forstår du no kvifor me ikkje har ein heilskaplege politikk? :-) -- Ranveig 11. september 2005 kl. 08:21 (UTC)
Eg likar eigentleg best «Ekstern(e) lenkje(r)» (og det er no forresten ikkje farleg om ein har ei fleirtalsform der det berre finst éi lenkje enno), men «Lenkje(r) ut» er greitt — og etter mitt syn minst like god norsk (og definitivt betre skandinavisk) enn «Peikar(ar) ut». (sa Olve)
Ja, det er i grunnen «eksterne» eg misliker som eit direkte omsett, misvisande ord. «Lenkjer ut» er greitt, fleirtalsforma kan kanskje oppfordra lesarar til å leggja inn fleire. -- Ranveig 19. sep. 2005 kl. 09:33 (UTC)
Ja, nettopp! For tvisynet sin del bør vi i grunnen alltid prøve å ha meir enn éi lenkje ut. :-) Olve 19. sep. 2005 kl. 17:37 (UTC)
Eg likar På verdsveven. Viss det i tillegg var peikarar som ikkje brukar http, ville eg skriva Andre peikarar eller Fleire peikarar.
--Verdlanco\ordskifte 11. september 2005 kl. 09:34 (UTC)
Einig med Eirik og Verdlanco. «På verdsveven» høyrast best ut. --KRISTAGAα-ω 11. september 2005 kl. 11:07 (UTC)
Eg ville velje heilskap framfor min eigen favoritt om det fanst ein regel. Så eg synest at det skal vere eins praksis i dette spørsmålet. Om Lenker ut (utan j) ikkje var ei sideform ville det vore mitt forslag. roarjo 11. september 2005 kl. 17:18 (UTC)
Kva med Utanbygds? (Det er seint på kvelden, eg kunne ikkje dy meg {8=o) ) --PerPlex 17. okt. 2005 kl. 22:02 (UTC)

Avstemning[endre wikiteksten]

Ver vennleg og legg berre inn stemmene dine her. Diskusjonen for og mot dei ulike formene finn stad i bolken ovanfor. Saknar du eit namn som du tykkjer er eit godt alternativ, så legg til dette alternativet under.

Lenkjer ut

For:

  1. Olve 16. okt. 2005 kl. 20:24 (UTC)
  2. Ranveig 16. okt. 2005 kl. 21:54 (UTC)
  3. roarjo 17. okt. 2005 kl. 21:14 (UTC)
  4. PerPlex 17. okt. 2005 kl. 22:02 (UTC)

Nøytral:

Mot:

  1. KRISTAGAα-ω 16. okt. 2005 kl. 20:47 (UTC)


Eksterne lenkjer

For:

Nøytral:

  1. Olve 16. okt. 2005 kl. 20:24 (UTC)
  2. KRISTAGAα-ω 16. okt. 2005 kl. 20:47 (UTC)
  3. roarjo 17. okt. 2005 kl. 21:14 (UTC)
  4. PerPlex 17. okt. 2005 kl. 22:02 (UTC)

Mot:

  1. Ranveig 16. okt. 2005 kl. 21:54 (UTC)


Linkar ut

For:

Nøytral:

  1. roarjo 17. okt. 2005 kl. 21:14 (UTC)

Mot:

  1. Olve 16. okt. 2005 kl. 20:24 (UTC)
  2. KRISTAGAα-ω 16. okt. 2005 kl. 20:47 (UTC)
  3. Ranveig 16. okt. 2005 kl. 21:54 (UTC)
  4. PerPlex 17. okt. 2005 kl. 22:02 (UTC)

Eksterne linkar

For:

Nøytral:

  1. roarjo 17. okt. 2005 kl. 21:14 (UTC)

Mot:

  1. Olve 16. okt. 2005 kl. 20:24 (UTC)
  2. KRISTAGAα-ω 16. okt. 2005 kl. 20:47 (UTC)
  3. Ranveig 16. okt. 2005 kl. 21:54 (UTC)
  4. PerPlex 17. okt. 2005 kl. 22:02 (UTC)


Peikarar ut

For:

  1. Ranveig 16. okt. 2005 kl. 21:54 (UTC)

Nøytral:

  1. roarjo 17. okt. 2005 kl. 21:14 (UTC)

Mot:

  1. Olve 16. okt. 2005 kl. 20:24 (UTC)
  2. KRISTAGAα-ω 16. okt. 2005 kl. 20:47 (UTC)
  3. PerPlex 17. okt. 2005 kl. 22:02 (UTC)


Eksterne peikarar

For:

Nøytral:

  1. roarjo 17. okt. 2005 kl. 21:14 (UTC)

Mot:

  1. Olve 16. okt. 2005 kl. 20:24 (UTC)
  2. KRISTAGAα-ω 16. okt. 2005 kl. 20:47 (UTC)
  3. Ranveig 16. okt. 2005 kl. 21:54 (UTC)
  4. PerPlex 17. okt. 2005 kl. 22:02 (UTC)

På verdsveven

For:

  1. KRISTAGAα-ω 16. okt. 2005 kl. 20:47 (UTC)
  2. Ranveig, særleg om me legg til "Elles" 16. okt. 2005 kl. 21:54 (UTC)
  3. roarjo 17. okt. 2005 kl. 21:14 (UTC)

Nøytral:

  1. Olve 16. okt. 2005 kl. 20:24 (UTC)
  2. PerPlex 17. okt. 2005 kl. 22:02 (UTC)

Mot:

Elles på verdsveven

For:

  1. Olve 17. okt. 2005 kl. 21:30 (UTC)

Nøytral:

Mot:

  1. PerPlex 17. okt. 2005 kl. 22:02 (UTC)
  2. KRISTAGAα-ω 17. okt. 2005 kl. 22:29 (UTC)

Ny runde[endre wikiteksten]

Avstemminga ovanfor ser for meg svært lite avgjerande ut. Før me tek til med omkamp og straffespark vil eg gjerne leggja fram nokre nye forslag.

Eg synest eigentleg det er litt rart å skilja "Litteratur" frå peikarar til andre nettstader. Greitt nok at det er lettare å følga peikarar enn å leita fram bøker, men det går då vel likevel ut på det same -- å gje meir bakgrunnsstoff. Derfor vil det vera meir naturleg å ha ein artikkeldel som gjev både peikarar til andre nettstader, og ei liste over bøker eller artiklar interesserte kan lesa meir i. Det at peikarane går til stader utanfor Wikipedia kan me markera slik me allereie gjer mange stader, ved å skriva t.d. "kulturnett.no" i sjølve peikaren.

Sjølve bolken kan heita "Litteratur", "Les meir", "Bakgrunnsstoff" eller noko anna -- men høyrest forslaget brukande ut? -- Ranveig 16. nov. 2005 kl. 17:48 (UTC)

Ja, eg skal fatte meg kort og seier meg samd i Ranveig sitt poeng her. Min personlege favoritt-tittel er da: "Les meir". Samstundes vil eg slå eit slag for bruk av tittelen "Kjelder" når det faktisk er kjelder brukt til artikkelen det er snakk om. "Referanser" kan vera litt ullent, då det kan både vera snakk om kjeldemateriale og relatert litteratur. Eg var ganske kort no, var eg ikkje? :-) --Kristian H 16. nov. 2005 kl. 18:28 (UTC)
Einig. Og vi bør, som Kristian H. («Resk») seier, skilje mellom faktisk brukte kjelder på den eine sida og tilvisingar til litteratur i trykt eller opplasta form på den andre. Men bolken bør òg kunna inkludere t.d. lyd- og biletkjelder. Trur «litteratur» kan høyrast litt (for?) avgrensa ut. Det same gjeld strengt teke «Bibliografi», men eg trur at dét ordet i praksis er ein tanke opnare på det viset. «Les meir», som òg er litt avgrensande i prinsippet, høyrest òg nokolunde akseptabelt ut i praksis. Kunne òg vera noko slikt som «Studiemateriale»...? «Meir stoff»? -- Olve 16. nov. 2005 kl. 19:06 (UTC)
Godt forslag. Eg synest vel om "Bakgrunnsstoff". Eventuelt "Kjelder" som hovedoverskrift og "Kjelder brukt i artikkelen" og "Fleire kjelder" eller noko sånt som underoverskrift. "Les meir" likar eg ikkje fordi det gjev meg ei kjensle av at forfattaren synest eg eg burde lese meir.--Asgeir 16. nov. 2005 kl. 20:12 (UTC)
Overskrift "Bakgrunnsstoff" er greitt for alt som ikkje er kjelder. ”Kjelder” er meir innfløkt; Når ein artikkel vert omsett frå eit anna språk som bokmål til nynorsk er eg i tvil om det er rett å vise til bokmålsversjonen som kjelde. Etter lisensteksten har ein då å gjere med ein Modified Version og framstillinga seier då i 15 punkt kva ein skal gjere før ein publiserer den nye versjonen. Kanskje treng vi enda ein bolk: Omsett frå? Eller ein skriv nedst
Første versjon av artikkelen er omsett frå <lenkje til Wikipedia-artikkel> versjon frå <dato-tid>.
Og strengt tatt skulle namn på dei minst fem principal authors også komme fram her.Spørsmålet er kor grensa mellom omsetjing og kjeldebruk går. Om ein berre tar stoff frå 5 av 10 bolkar frå ein engelsk artikkel og omsett litt laust, er det då ei omsetjing? Roarjo 20. nov. 2005 kl. 14:34 (UTC)
Det er sikkert fleire syn på det, men eg synest det er fornuftig å skriva i redigeringssamandraget kvar artikkelen er omsett frå. Då får ein med datostempling og det heile, og det er lett å sjå kva del av artikkelen som er omsett. Å skriva nedst at "første versjon kom frå" verker litt uprofesjonelt og vil fort bli utdatert. Det minner litt om å signera artiklane nedst -- noko me slett ikkje gjer her i wikiland!
Men eg synest ikkje det gjer noko å peika til artikkelen i kjeldelista òg -- det er jo det han er. Kjelder brukte av sjølve artikkelen ein omset er problematiske. Dersom heile artikkelen er omsett, ord for ord, kan ein kanskje kopiera kjeldelista. Men dersom ein ikkje sjølv brukte dei som kjelder er det litt uredeleg å ta dei med, om ein tenkjer akademisk i alle fall. -- Ranveig 20. nov. 2005 kl. 16:28 (UTC)
Godt framlegg:-) Har ikkje tid til å setja meg inn kva som me bør bruka. Problem eg har støytt på når eg skal bruka desse bolkane er at ei kjelde òg kan høyre heime i ein bibliografi (/les meir) samtidig som den òg kan høyra heime i ein "lenkjer ut"-bolk. Nokon gonger har eg vel då enda opp med å kombinera to bolkar i ein ved å skriva "Kjelder og lenkjer ut" eller noko i den duren, ikkje særleg vakkert. Ein samlande bolk som eventuelt kan ha underbolkar er difor bra. Tenkjer meg at kjelder eventuelt også kan merkast som kjelder og utlenkjer kan merkast med domenenamn, og så har dei jo uansett den stygge ut-pila. --Guttorm 21. nov. 2005 kl. 23:05 (UTC)
Eg har no sett gjennom alternativa i stemningsloddinga og komme fram til at ingen av alternativa er særleg gode, eg trur det trengs fleire idear. Hm, kanskje problemet er at alt som ein slik bolk bør femje om ikkje let seg (særleg lett) samanfatte i ei enkel overskrift? Lat meg liste nokre problem når eg først er i gang:
  • Bakgrunnsstoff: bakgrunn er for meg litt diffust, det som ligg bak artikkelen? Då vert det ei kjelde, men ofte er det jo meir snakk om les meir-stoff. Stoff likar eg ikkje noko særleg sidan det tyder så mykje rart.
  • Bibliografi: for avgrensande, i akademia har vel ein slik tittel ei ganske avgrensa definert tyding som viser til lengre skriftlege hovudkjelder for emnet, hovudsakleg bøker? Kjelder passar dermed ikkje særleg godt inn, og heller ikkje lenkjer ut til galleri eller småsider. Utanfor akademia er det vel òg eit heller diffust begrep, trur eg. (Eg ser at akademia ikkje er noko normert ord, men eg viser altså til akademiske miljø.)
  • Fleire kjelder: Ikkje så verst, men det impliserar at artikkelen er ei kjelde, eller at ein bolk før er kjelde, og den impliserar at innhaldet i bolken er kjelder og omfattar dermed ikkje sæleg godt bibligrafi eller andre ting som ikkje er brukt som kjelde.
  • Litteratur: For avgrensande, kva med lenkjer ut til eit galleri til dømes.
  • Les meir: /høyr meir, /sjå meir?
  • Meir stoff: Meir dop;-)
Eg har tenkt på enkle overskrifter som bakgrunn, utanfor og meir, men dei blir nok for enkle og diffuse. Kva med Kjelder og meir eller Kjelder og anna? --Guttorm 21. nov. 2005 kl. 23:25 (UTC)

Stemningslodding[endre wikiteksten]

Trur det er tid for litt avstemming, slik at me kan finna eit godt alternativ og ta det i bruk.

Overskrifta for ekstrastoff-bolken bør vera:

Stemmegjevar Bakgrunnsstoff Bibliografi Fleire kjelder Litteratur Les meir Meir stoff
Ranveig For For Imot Imot For For Imot Imot Imot Imot For For
Olve For For For For Imot Imot Imot Imot For For Nøytral Nøytral
Brukar:Gunnernett For For Nøytral Nøytral Nøytral Nøytral Imot Imot Nøytral Nøytral Nøytral Nøytral
Verdlanco Nøytral Nøytral For For Nøytral Nøytral Imot Imot Nøytral Nøytral Imot Imot
bep Imot Imot Imot Imot Nøytral Nøytral Imot Imot For For Imot Imot

Er det verkjeleg nødvendig å byrja å stemme allereie no, det er jo ikkje ein gong snakk om noko særleg usemje? Når var det me byrja å avgjera alle slag småting med avstemming? Skal me ikkje ein gong eksperimentera og prøva oss litt fram først? Eg hadde mest lyst til å fjerna heile avstemminga, noko som framleis freistar veldig.... --Guttorm 20. nov. 2005 kl. 22:40 (UTC)

Det hadde vore ein fordel å prøve å bli einige om ting framfor å stemme over alt. Einig i det. Men noen gonger blir det ingen einigheit, og da er det vel ikkje noe anna å gjøra enn å ha ei avstemming. --KRISTAGAα-ω 20. nov. 2005 kl. 22:49 (UTC)
Eg meiner no òg at det er for tidleg å ha ei endeleg/teljande avstemning på dette. Likevel er det no greitt å få litt oversyn sånn i starten her. Kan vi kalle det stemningslodding i staden, kanskje...? :) Olve 20. nov. 2005 kl. 22:56 (UTC)
Me er utruleg nok alle einige om hovudsaken, så no treng me bare finna ut korleis han skal gjennomførast. Til slikt bruk synest eg avstemming er greitt --alle som vil får lagt fram sitt syn på ein oversiktleg måte. Me kan sjølvsagt godt utsetja avstemminga viss det fortsatt står igjen diskusjonsemne, men på den andre sida er det greitt å få eit "mandat" til å endra på ting. -- Ranveig 20. nov. 2005 kl. 23:01 (UTC)
Me kan gjera det same her som me gjer i dei fleste andre samanhengar, komme fram til konsensus gjennom bruk og ordskifte. I drøftinga over er det ikkje usemje, men det er fleire nyttige synspunkt. Det einaste "avstemminga" gjer, er som Olve så fint er inne på, å lodde stemninga. I avstemminga kjem det berre fram personlege preferansar, ikkje noko syn på kvifor ein har desse preferansane og kvifor noko er betre enn noko anna.
Når alle er einige, så trengst det då ikkje noko "mandat" (og ei avstemming på dette tidpunktet ville no ikkje gje det heller), dette er då ein wiki! Så lenge du ikkje har tenkt å gå gjennom ein haug med artiklar du ikkje har skrive sjølv med ein robot er det no berre å settja i gong å gjera dei endringane du tykkjer høver. Du kan jo byrja med "mine" artiklar dersom du tykkjer du treng "mandat" for å gjera slike endringar i andre artiklar. Eg har omformulert overskrifta til "Stemningslodding" og "skal" til "bør", slik at det er klarare kva "mandat" som kjem ut av dette.
Merk at eg ikkje er det minste imot tiltaket. Eg er imot å utvikla retningsliner ved hjelp av avstemmingar og imot fastsettjing av kva ein skal bruka på dette tidspunkt, til sist er eg òg imot skal-retningsliner;-) (Men så er jo ikkje dette noko avstemming om retningsliner, men ei stemningslodding (eller?), så de får no berre stemme i veg, kanskje til og med eg gjer det seinare ein gong:-) --Guttorm 21. nov. 2005 kl. 23:05 (UTC)