Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 19, 2015

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Teide

Teide eller El Teide er ein aktiv, men sovande vulkanTenerifeKanariøyane. Han hadde sist utbrot i 1909 frå El Chinyero-ventilen i Santiago-rifta. Vulkanen og det omliggande området er ein del av Teide nasjonalpark (Parque Nacional del Teide). Parken dekkjer eit område på 189 km² og vart erklært ein verdsarvstad av UNESCO i juni 2007.

Med ei høgd på 3718 meter over havet, og om lag 7500 meter over havbotnen i Atlanterhavet, er Teide det høgaste fjellet i Spania, det høgaste punktet i Atlanterhavet, og det 13. høgaste fjellet i EU. Øya Tenerife er i seg sjølv den tredje største vulkanske øya på jorda ut i frå volum. Teide er den tredje høgaste vulkanen på ei vulkansk øy. The United Nations Committee for Disaster Mitigation har erklært Teide som ein dekadevulkan, på grunn av dei tidlegare kraftige utbrota og nærleiken til fleire store byar. Dei største byane er Garachico, Icod de los Vinos og Puerto de la Cruz.

Teide dannar i lag med nabofjella Pico Viejo og Montaña Blanca Det sentrale vulkankomplekset. Les meir …