Wikipedia-diskusjon:Vekas artikkel/Veke 15, 2007

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Neste veke...[endre wikiteksten]

Eit mogleg framlegg (ikkje originalt, men relevant) er påske. Det er avhengig av at nokon med interesse for temaet ser over artikkelen. Viss ikkje er det framleggslista vi kan ta frå. Trondtr 20:55, 5 april 2007 (CEST).

Anten artikkelen vert bruka eller ikkje, er det god påskesyssel å arbeide med han. Eg har fylt ut litt og blåfarga nokre lenkjer. Men fjellturbolken er kaotisk. Kan nokon andre sjå på den? - Knut 22:52, 5 april 2007 (CEST)
Eg ser no at artikkelen har vore vekas artikkel før vår tid, i 2005. Hmm, kva gjer vi med det? På den eine sida kjem jo påska kvart år, og artikkelen har vorte betre, men så er han altså brukt før, då. Trondtr 10:19, 7 april 2007 (CEST).
Au då! Då bør me vel finna ein annan. --Ekko 10:44, 7 april 2007 (CEST)
Så vidt eg kan sjå var det ein tynn artikkel som vart lagt ut for to år sidan - så for den del kan påske vere vekas artikkel ein gong til. Men helst bør vi vente med å bruke artikkelen på nytt til vi kan seie at han er retteleg god. - Knut 10:51, 7 april 2007 (CEST)
Det får bli til neste år i tilfelle (og vi kan godt vente eit år). Men då treng vi eit alternativ. Trondtr 00:22, 8 april 2007 (CEST)
Dogg er stutt, men god. Atrieseptumdefekt treng ein innsats for å bli kvitt raude peikarar. Litt fleire kjelder kan eg sette inn i kveld, om naudsynt. --Ekko 10:21, 8 april 2007 (CEST)
Dogg er god, men bør vel vente til doggsesongen; sett han opp i juli ein gong. Ikon er betre enn på noko anna skandinavisk språk, men kunne med fordel vore gjennomgått av meir enn ein person. - Knut 10:57, 8 april 2007 (CEST)
Er nokon i overlag smålåten her? Ein strålande artikkel! Nokre rauke peikarar må bort, og eg stussar på bruken av kursiv i innleiinga. Ut over det synest eg han høyrer heime i mellom «Gode artiklar». --Ekko 11:16, 8 april 2007 (CEST)

No er det gjort, det kan pirkast i artikkelen ut over kvelden. Og så må det lagast noko på artiklane om dei to ortodokse kyrkjene. --Ekko 11:38, 8 april 2007 (CEST)

Eg syns det russiske ikonet fungerer betre som eit, ja, ikon for ikona. Eg skiftar, så kan de seie kva de syns. Trondtr 14:14, 8 april 2007 (CEST).
Fungerer bra, ja. No er dei to lenkjene i innleiinga blå - og eg har lært ikkje så lite, blant anna at nemninga gresk-ortodoks har ei dobbelt tyding. - Knut 22:05, 8 april 2007 (CEST)