Wikipedia-diskusjon:Vekas artikkel/Veke 46, 2007

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

er det framlegg om, og det er ein bra artikkel, det, som har vore oppe før også. Trondtr 00:22, 8 oktober 2007 (CEST).

Eg er samd! eg har lese litt om han i Store norske, og artikkelen kan utvidast litt derifrå, det er òg litt stoff om han på internett. Eg har starta bygga støtteartiklar, Etter mi meining er den OK allereide no, og eg meinar den vil bli betre dei neste to vekene (dersom eg eller andre får tid)
Det bør imidlertid stå noko meir om arbeide i forkant av opprettinga av Tsjekkoslovakia,og eg synest òg at son hans, en:Jan Masaryk bør nemnast med eit lite avsnitt. Hogne 19:43, 21 oktober 2007 (CEST)
Eg synes dette er ein alt for kort og forvirrande artikkel. Den konkrete kritikken tar eg på diskusjonssida der. Kva med marinbiologi? --Ekko 20:15, 21 oktober 2007 (CEST)
Einig med Ekko. Masaryk-artikkelen når ikkje opp til personen. Det gjer derimot Marinbiologi, viss Marinbiologi hadde vore ein person. --Ranveig 23:21, 28 oktober 2007 (CET)

Fargerikt og fengande, med ei rekke fyldige underartiklar på plass. Me rekk sikkert eit par til før veke 46 òg. --Ranveig 23:21, 28 oktober 2007 (CET)