Wikipedia-diskusjon:Velkomen til Wikipedia

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Korleis bør velkomstsidene sjå ut?[endre wikiteksten]

Eg synest me skal ha ei kvikk, lita velkomstside, gjerne med fargar og kanskje nokre figurar, og utan for mykje tekst. Verbos tekst kan ein få opp når ein klikkar t.d. Lær meir om nynorsk Wikipedia.
Norsk Wikipedia har ei fin velkomstside: no:Wikipedia:Velkommen til Wikipedia, men første velkomstside kan godt vera endå meir konsis, synest eg.
--Verdlanco (diskusjon) 20. des 2004 kl. 09:38 (UTC)

Ja gjerne det. Men først må me bestemma oss om me skal ønskja ein brukar velkommen eller velkomen. Begge former er godkjende, for meg ligg velkommen nærast språket mitt, men andre seier vel "velkomen" eller til og med "vel komen". Bjarte 20. des 2004 kl. 13:23 (UTC)
Eg liker definitivt idéen om å ha ei Lær meir om nynorsk Wikipedia. Eg er elles, som Bjarte, mest glad i forma «velkommen» (på Nordmøre seier ein stort sett vélkomminn (m.) / vélkomma (f.) / vélko’mn (pl.)) — men enkel-m er no greitt nok det òg... :) Når du (Verdlanco) skriv om velkomstsida og at ho bør vera slik eller slik, meiner du da sjølve hovudsida? Eg synest i grunnen at både islandsk og fransk har fine sider på kvar sin måte... (I motsetnad til t.d. dansk...) Ein annan ting eg tykkjer vi burde tenkje over å skaffe oss er ein eigen portal for born. Når det gjeld sjølve velkomstbolken på hovudsida, så tykkjer eg at han bør vera så kort som muleg og at hovudsida bør handle mest muleg om innhald (i tekst og bilde) og at denne sida bør gje eit profesjonelt inntrykk. -- Olve 20. des 2004 kl. 19:23 (UTC)
Nei… eg tenkte ikkje på hovudsida, som bør sjå ut som ei framside, eller eit andlet for Wikipedia, om du vil. Eg brukte hovudside-velkomstmalen som eit døme på omtrent det eg helst vil sjå på ei velkomstside til moglege nye bidragsytarar. Eg la dette på ei ny side som eg kalla "velkomen" (med éin 'm'), for å unngå å klussa med Wikipedia:Velkommen før vi har diskutert kva slags endringar vi vil gjera. (Når vi vert samde om ei bra side, er det det nett same for meg om ho ligg på Velkomen eller Velkommen.)
--Verdlanco (diskusjon) 20. des 2004 kl. 20:26 (UTC)

Sett i gang og lag![endre wikiteksten]

Me har mange sider som kunne vera nyttige for nykomarar, men dei er enten uferdige eller vanskelege å få auge på. Det me treng er ei god og oversiktleg side som alle finn fram til. La det gjerne vera Wikipedia:Velkommen (eller Velkomen), laga heilt frå grunnen av, med lenkjer til det viktigaste.

Dei andre sidene eg tenkjer på er Wikipedia:OSS, Hjelp:Innhald og Wikipedia:Retningsliner. OSS har stoff som kanskje passar betre i ei steg-for-steg-opplæring; Hjelp:Innhald har slett ikkje hjelpande innhald, men berre eit utal lenkjer til engelsk wikipedia, og Retningsliner seier mykje av det same som velkomstsida seier nå. Eg trur me treng å sjå for oss eit heile. Dersom du, Verdlanco, gjer det, så vis oss gjerne kva du vil! -- Ranveig 21. des 2004 kl. 17:24 (UTC)

Nei, eg har ikkje fasiten, men eg føler, som du, at det trengs ei heilskapleg løysing, der alle hjelpesidene passar saman i ein oversiktleg samanheng. Eg vil helst at vi diskuterer framlegg her, og prøver å bli samde om eit opplegg, men viss nokon får lyst å jobba med sidene midt i julestria, skal eg ikkje klaga av den grunn!
--Verdlanco (diskusjon) 21. des 2004 kl. 19:21 (UTC)