Wikipedia-diskusjon:Vilkår

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Dittaeva skreiv at ein må godskriva forfattaren av artikkelen ved kopiering frå Wikipedia. Han skreiv òg at dette er forklart hjå Creative Commons (http://creativecommons.org/licenses/GPL/2.0/).
Stemmer dette?
Eg kan ikkje hugsa å ha sett nokon plass at Wikipedia eller GFDL krev noko slikt. Greitt nok at ein kan gjera det og at det er god tone å gjera det, men eg har hittil ikkje funne nokonting på Creative Commons eller i GFDL som indikerer at ein skal oppgje kven som er forfattaren når ein kopierer ein tekst.
Det kan godt henda at det er eg som har misforstått og at det faktisk finst ein slik regel, men i so fall saknar eg ein konkret peikar til han.
--VerdLanco 26. nov 2004 kl. 08:12 (UTC)

Frå Wikipedia:GNU Free Documentation License tekst: Secondarily, this License preserves for the author and publisher a way to get credit for their work, B. List on the Title Page, as authors, one or more persons or entities responsible for authorship of the modifications in the Modified Version, together with at least five of the principal authors of the Document (all of its principal authors, if it has fewer than five), unless they release you from this requirement., I. Preserve the section Entitled "History", Preserve its Title, and add to it an item stating at least the title, year, new authors, and publisher of the Modified Version as given on the Title Page. If there is no section Entitled "History" in the Document, create one stating the title, year, authors, and publisher of the Document as given on its Title Page, then add an item describing the Modified Version as stated in the previous sentence.
Frå en:Wikipedia:Copyrights: acknowledges the authors of the Wikipedia article used (a direct link back to the article satisfies our author credit requirement)
Som du kanskje forstår så vert eigentleg lisensen broten kvar einaste gong artiklar vert omsett frå eit språk til eit anna. en.wikipedia / Wikimedia har jobba med å løysa problemet (og / eller andre problem) med hjelp av at bidragsytarane overdrar copyrighten sin til Wikimedia Foundation (dette i og for seg ikkje mogleg innan europeisk lovgjeving) har ikkje noko referanse til dette no, og det er heller ikkje innført enno.
Når det gjeld Commons lenkja så var dette ein stor tabbe frå mi side ettersom den viste til GNU GPL og ikkje FDL. --Guttorm 27. nov 2004 kl. 19:04 (UTC)
Eg skjøner ikkje heilt korleis lisensen vert broten. Dersom me seier frå kor stoffet kjem frå og set inn ei interwikilenkje tilbake til originalartikkelen burde vel dette kravet (frå en:Wikipedia:Copyrights) vera oppfylt? -- Ranveig 28. nov 2004 kl. 20:12 (UTC)
Parenteskravet frå en:Wikipedia:Copyrights blir nok oppfylt, men på den måten blir ikkje "Preserve the section Entitled "History"" og resten som er sitert frå lisensen oppfylt. Men dette er ikkje noko stort problem for meg, det er sikkert greit nok om me brukar en.wikipedia sine retningsliner som retningsgjevande. de:Wikipedia:Lizenzbestimmungen ser også ut som eit bra utgangspunkt. --Guttorm 28. nov 2004 kl. 21:25 (UTC)
Takk for svaret og sitatet frå dei korrekte reglane. Viss eg skjønar en:Wikipedia:Copyrights sin definisjon av "å godskriva forfattarane" rett, held det med ein peikar til Wikipedia-artikkelen; ein treng altså ikkje å oppgje nokon namn i den kopierte artikkelen. Som Dittaeva påpeiker, står dette i direkte konflikt med den ovanfor siterte regelen frå GFDL. Når det gjeld kva for ei av dei to linene vi skal leggja oss på i nynorsk Wikipedia sin politikk, stør eg Ranveig sitt framlegg.
--VerdLanco 30. nov 2004 kl. 10:29 (UTC)

Ny lisens og opprydding[endre wikiteksten]

Nedst på sidene står det referanse til to ulike sider med :

  • Vilkår (wikimediafoundation.org/wiki/Terms_of_Use) og
  • Vilkår (nn:Wikipedia:vilkår)

Dette må vi rydde opp i slik at vilkåra ikkje står som fleirtydig, og dei må òg vere konsistente med CC-lisensen. Kan det vere ein ide å «ta» nb:Wikipedia:Opphavsrett? (Ikkje plagiert, men omsett til nynorsk med høveleg referanse til kjelda). --Roar 17. juli 2011 kl. 15:00 (CEST)[svar]

Ja, me må oppdatera vår versjon slik at han blir rett, gjerne med hjelp frå nb:. --Ranveig 17. juli 2011 kl. 15:03 (CEST)[svar]
Wikipedia:Vilkår/Versjon med CC-BY-SA er framlegg til tekst om vilkår med CC-lisensen. --Roar 19. juli 2011 kl. 19:48 (CEST)[svar]