Wikipedia-diskusjon:Wikipedia på bokmål

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eg trur at me bør støtta oppstart av ein bokmålswikipedia for dei same grunnane at me ville ha wikipedia på nynorsk. Dette er eit steg i rett retning for dei skandinaviske wikipediane totalt trur eg. Kva trur de?

Me bør òg skriva eit innlegg til mailinglista, anten me gjer det individuelt eller samla. Bjarte 4. nov 2004 kl. 13:34 (UTC)

Eg trur ikkje folka på no:, som de facto er bokmålswikipediaen i dag, kjem til å verta særleg glad for eit slikt initiativ, spesielt ikkje frå oss. no:-wikipediaen fungerer allereie bra, og "if it works, dont fix it", ikkje sant? Arj 4. nov 2004 kl. 14:09 (UTC)

(har ikkje lest e-posten enno) Eg tykkjer at no.wikipedia bør gjerast om til bn.wikipedia (eller det som er rette forkortinga) med ein liberal haldning til riksmål, men der nynorskartiklar (og evt. høgnorsk) blir luka ut og flytta til nn.wikipeda. no.wikipedia domenet bør deretter i lang tid gå til bn.wikipedia dersom ei meir enn no.wikipedia.org blir gjeve som adresse (for at gamle lenker der ute skal før dit dei er meint), medan den korte formen no.wikipedia.org bør føra til den språkversjonen som er vald i nettlesaren, altså nn for nynorsk, eller bn for bokmål. Dersom berre norsk er vald bør den føra til ei side der ein kan velja kva versjon ein vil sjå. Etter ei stund bør kanskje det siste alternativet også gjelda for lengre lenker eller alltid. --Guttorm 4. nov 2004 kl. 17:54 (UTC)
Eg synest det ville vera trist å "sletta" no: på denne måten, og det er sikkert mange som ville vera svært imot det. Kunne ikkje nb: fungera som nn: gjer no, med språkrøkt og slikt av artiklar som så vart lagde inn på no:? Veit at det vil bli mykje dobbeltarbeid, men det høyrest for gale ut å splitta oss heilt. -- Ranveig 4. nov 2004 kl. 18:21 (UTC)

Eg trur òg at det vil vera upopulært blant mange av dei "sentrale" (mest aktive) brukarane på no om dei skulle bli "nedgraderte" til nb. På den andre sida ville det vera eit viktig steg på vegen mot eit fellesskandinavisk prosjekt om dette vart gjort. Trur det er vanskeleg å finne ei løysing som er både kortsiktig populær og langsiktig strategisk. Det burde kunna finnast ein måte å "flagge" kvar artikkel etter språkform — til dømes med ein hengemeny med val av språkform på redigeringssida. Men dette krev at nokon set opp denne funksjonen i Mediawiki. Ein positiv ting med dette er at om det blir gjort, vil ein òg vera komne eit viktig steg nærmare fleirspråkleg wikipedia i seg sjølv. -- Olve 4. nov 2004 kl. 22:42 (UTC)

Samd i det. Eg trur noko av problemet med ei flytting av no: til nb: kjem til å bli mangel på gode definisjonar på kva som er bokmål og kva som er riksmål. Enkelte kan sjå ut til å meina at bokmål er ein merkelapp som staten prøver å trenga på folk, og at i røynda skriv alle riksmål. Eit kompromiss i så fall kunne vera ein testperiode av nb: for å sjå koss det går, viss éin skulle verta betre, brenn vel den andre ut etter kvart. Bjarte 4. nov 2004 kl. 22:48 (UTC)
Ja, bokmåls-/riksmålsspørsmålet er visst temmeleg brennbart der... Ser faktisk ut til at det minst polemiske ein kan gjera på no er å skrive nynorsk...(!) ;-) -- Olve 4. nov 2004 kl. 22:57 (UTC)
Trur ikkje bokmål vs riksmål er noko problem i seg sjølv, men at somme vil kunna laga problem av det er det vel lite tvivl om... Elles so skreiv Olve alt det eg hadde tenkt på ;-D Jarle 5. nov 2004 kl. 07:44 (UTC)

Synes det er i og for seg mistenkelig at debatten foregår her og ikke på no:. 129.241.128.131 5. nov 2004 kl. 22:45 (UTC)

Kjære anonym. Takk for at du blir med på denne debatten. Men eg vil seia eg tykkjer det er noko mistenkeleg å få ein kommentar som dette frå ein anonym brukar. Eg tykkjer derimot ikkje det er noko mistenkeleg å halda ein debatt (og ikkje "debatten" som du skriv) om ein bokmålswikipedia på ein nynorskwikipedia. Denne debatten er open for kven som helst (alle burde sjå at noko er på gang med ein gong dei kjem på framsida), inkludert dei som skriv mest på no:. Dessutan skulle eg tru at dei har debattar der òg! Bjarte 5. nov 2004 kl. 23:03 (UTC)
Sjå nedst på no:Wikipedia:Vannposten Jarle 5. nov 2004 kl. 23:11 (UTC)

Denne debatten har fortsett på no:Wikipedia:Vannposten under kampanje mot no.wikipedia.org og bokmål og nynorsk wikipedia. Eg føreslår me fortset diskusjonen der dersom folk har meir å seia, og ta gjerne ein titt på Profoss sitt forslag òg. Bjarte 9. nov 2004 kl. 08:41 (UTC)