Wikipedia-diskusjon:Windows 98 og Unicode

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Windows 98 og Unicode[endre wikiteksten]

Eg siterer ei melding frå ein kjenning av meg:

Eg les dette gjennom ein maskin med Windows 98 og Internett Explorer 6.0. 
Eg ser /a og /s rett, men dei andre bokstavane blir firkantar. Andre samiskspråklige sider, 
deriblant mine eigne, ser eg derimot godt. Har dette noko med kodinga  i 
Wikipedia å gjøre, etter er det noko du eller eg kan gjøre for  at eg skal sjå det rett?

Eg trudde desimale html-entitetar var svaret, og gjekk inn på sandkassa for å sjekke. Men det gjekk ikkje bra. Eg har sett andre har skrive hindi og russisk med entitetar, men hugsar ikkje korleis det gjorde det, og kan ikkje heilt teste sjølv heller, som sitt på mac, der alt fungerer. Er det nokon som har råd? Trondtr 21. nov. 2005 kl. 08:48 (UTC).

Unicode er best å bruka. Alle system støtter det ikkje heilt endå, men det kjem! Truleg er den beste løysinga å leggja inn ein font på maskinen som inneheld dei manglande teikna. Sjå Hjelp:Unicode for forslag. -- Ranveig 21. nov. 2005 kl. 10:02 (UTC)

Eg er litt usikker på kva du meiner med "Unicode er best å bruke", om du meiner at det å skrive bokstavane direkte (t.d. "á" er "Unicode" og at det å skrive &225; og tilsvarande ikkje er det. Det er nemleg berre delvis rett. Talet "225" viser til talverdien for "á" i Unicode, så slik sett er begge delar Unicode, det same gjeld parallellar som &353; og "š". Og i og med at han får fram sider på nettet med html-entitetar (&353; osb.) viser at dette ikkje er eit fontproblem (fontproblem er når vi får firkantar i staden for bokstavar på den georgiske wikipediaen). Windows 98 er eit 8-bit system, som berre stør Unicode indirekte, ved å sykle mellom ulike 8-bitssystem. Dette går altså heilt fint med html-entitetar i andre nettsider, men ikkje med Wikipedia, dessverre. Det som ikkje kjem er meir Unicode-støtte i Windows 98. "Meir avansert W98" heiter noko anna, nemleg "XP". Men no var det slik at kameraten min arbeider i skoleverket, og dermed har Windows 98, som altså les Unicode-samiske html-entitetar på nett, men ikkje direkte skrive (UTF-8?) wikipedia-samisk. Hjelp:Unicode tar berre opp fontspørsmål, og er dermed irrelevant her. Trondtr 21. nov. 2005 kl. 22:07 (UTC).

Eg ville tru at nettlesaren burde ha større sjans til å vise teiknet rett om det vert skreve inn som ein HTML-kode slik som &#353 heller enn at teiknet er "skreve med tastaturet" direkte. (Merk at eg har sløyfa semikolon for å få fram talkoden, og merk også at ein må ha med '#'-teiknet etter '&' for å få dette til å fungere). Då vert liksom ikkje teiknet UTF-8 før nettlesaren tolkar det, og det blir opp til nettlesaren, og ikkje operativsystemet, å vise teiknet fram. Og som Olve seier, prøv med ein anna nettlesar då IE lit litt vel mykje på operativsystemet. Synsing frå mi side...Kanskje ikkje rett i det heile....Kanskje eg kunne boota opp W'98 på pcen min å testa. -- Roger 21. nov. 2005 kl. 22:33 (UTC)
Det kan òg vera eit IE Explorer-problem. Eg trur det er lurt å prøve Opera eller Firefox i staden. Der kan ein òg fastsetje fontar for dei ulike teiknsetta på eit mykje meir stabilt sett enn i IE Explorer. Ikkje 100 % sikker på at dette vil løyse problemet, men eg trur det er gode sjansar for at det går greitt. Meir stabil støtte for Unicode er det elles allereie i Windows Me. -- Olve 21. nov. 2005 kl. 22:17 (UTC)
Jepp, det er eit MS-problem. Eg bruker Win98, og i Mozilla kan eg sjå samiske bokstavar på Wikipedia utan noko problem. I Explorer får eg berre firkantar. -- Arvind 21. nov. 2005 kl. 22:39 (UTC)
Del ein av problemet var såpass banalt som at det er så lenge sidan eg skreiv html-entitetar at eg hadde glømt #-symbolet mellom & og desimaltalet. Ergo er det sannsynlegvis mogleg å lese t.d. samisk frå Wikipedia i W98 viss vi skriv med html-entitetar. Men det vil vi sjølvsagt ikkje gjere, det blir rett og slett for tungvint. At han får til á og š (/a og /s) er fordi dei finst i Microsofts private cp1252-tabell, så Opera og Firefox kan tyde på at problemet kan vere at IE under W98 ikkje forstår anna enn Latin 1 + html-entitetar. Arvind sin kommentar, som kjem inn her samtidig som eg skriv, gjev for så vidt svaret, så då er det berre å håpe at harddisken til skolemaskinene hans har plass og brukarrettar til å installere Mozilla... Trondtr 21. nov. 2005 kl. 22:48 (UTC).