Wikipedia:Attenderulling

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Attenderulling etter feil eller hærverk

Nokre gonger kjem ein uheldig stakkar til å lage ein feil på Wikipedia, og frå tid til annan vert Wikipedia ramma av hærverk i form av irrelevante merknadar eller sletting av delar eller heile artiklar.

I desse tilfella vert fylgjande prosedyre brukt for attoppretting av artiklar.

Fanst ikkje artikkelen tidlegare?[endre wikiteksten]

Dei fleste tulleartiklar vert oppretta på eit namn som ein kan skrive noko om, dersom dette ikkje er mogleg, set inn malen {{sletting}} øvst i artikkelen og vent på at ein administrator slettar han heilt. Skriv gjerne i samandragsfeltet, at artikkelen indeheld eit nybyrjareksperiment eller tull.

Ikkje set kryss på Uviktig endring, sidan ein kan velje vekk å vise desse i dei siste endringane.

Hadde artikkelen innhald?[endre wikiteksten]

Artikkelen kan i dette tilfellet attenderullast på denne måten:

Der er mogleg å trykkje på dato+tidspunkt-markeringa frå sida sin historikk, og dermed få det gamle innhaldet fram. Ved å trykkje «endre» kan ein no lagre den opprinnelege versjonen over hærverket. Ein får ein advarsel øvst oppe, om at det er ein nyare artikkel (den med hærverk), ein overskriv. Eit anna alternativ er at ein administrator trykkjer på automatisk attenderulling.

Ikkje set kryss på Uviktig endring, sidan ein kan velje vekk å vise desse i dei siste endringane.

Gjenteke hærverk[endre wikiteksten]

Dersom det vert føreteke konsekvent hærværk av den same brukaren (same ip-adresse), kan du be ein administrator om at denne blir blokkert.

Ei anna moglegheit er å be ein administrator om å verne ei side mot endringar. Dette vert sjeldan brukt her på Nynorsk Wikipedia, men kan nokre gonger vere naudsynt i ein periode, ofte ikkje på grunn av hærverk, men meir på grunn av usemje omkring oppbygnaden av ein artikkel. Denne moglegheita «øydelegg» likevel heile grunnidéen med Wikipedia og vert difor berre brukt som ei siste naudløysing.