Wikipedia:Pressemeldingar/50 000 artiklar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Nynorsk Wikipedia rundar 50 000 artiklar[endre wikiteksten]

Nn-logo50k (1).png
Nynorsk Wikipedia passerte i dag 50 000 artiklar, med artikkelen «Fødsel». Passeringa av eit slikt rundt og flott artikkeltal skjer berre 21 dagar før femårsdagen til nynorskutgåva. Bokmåls- og riksmålsutgåva av Wikipedia veks også til. Rett før jul i fjor runda dei 200 000 artiklar og ligg no litt over 220 000.
Dei små nordiske språka står under eit stadig press, særleg frå engelsk, og arbeidet med Wikipedia på nordiske språk kan difor vere eit viktig bidrag i arbeidet med å ta vare på dei nasjonale språkkulturane våre. Det er dermed både positivt og viktig at dei ulike språkversjonane av Wikipedia kan dra fordel av kvarandre gjennom omsetjing av artiklar og generelt samarbeid om prosjekt.

Samarbeid med Apertium[endre wikiteksten]

Brukarar på nynorsk Wikipedia samarbeidar med det norske Apertium-miljøet om å utvikle eit maskinomsetjingssystem mellom nynorsk og bokmål. Apertium er basert på open kjeldekode og vert støtta av den spanske regjeringa, regjeringa i Catalonia, og universitetet i Alicante. Det er open programvare, publisert under GNU GPL.

Kvalitet utvikla kollektivt[endre wikiteksten]

Wikipedia er eit leksikon som vert skrive av frivillige idealistar og utgjeve under ein fri lisens. Dette tyder at innhaldet kan kan verte kopiert, endra og vidaredistribuert fritt så lenge lisensen vert følgd. Målet til Wikipedia er at all menneskeleg kunnskap skal vere gratis og fritt tilgjengelig for alle, og på alle språk.
Dette vil altså seie at alle kan vere med på å opprette og redigere i artiklane. Alle endringane som vert gjorde hamnar på ei liste, slik at dei kan kontrollerast for språk- og faktafeil av erfarne brukarar. Både frå nye og erfarne brukarar på Nynorsk Wikipedia er det ein god tendens å sjå. Ingen verka å ha hastverk for å nå dei 50 000. Det hadde gått mykje kortare tid om alle hadde konsentrert seg om å berre produsere artiklar på to–tre linjer. I staden har brukarane gjennom dei fem åra nynorskutgåva har eksistert, vore flinke til å skrive lengre artiklar om mange av emna.

Kjelder[endre wikiteksten]

Det har skjedd ei endring i omdømet til Wikipedia dei siste to–tre åra. Det er heilt tydeleg mindre skepsis å spore enn før, færre seier i dag at Wikipedia ikkje er til å stole på. Sjølvsagt kan dette skuldast at folk stadig vekk vert mindre kritiske til det dei les, men brukarane på Wikipedia meiner det er ei følgje av at leksikonet har teke grundig tak i kritikken. Dette er gjort gjennom stadig aukande bruk av kjelder, i tillegg til at artiklane vert betre og betre som ei naturleg følgje av at fleire og fleire bidragsytarar ser gjennom dei. Det ein i dag ser som resultat av desse tiltaka, er at mange av artiklane er betre kjeldelagde enn artiklane i mange andre leksikon. Dette, og meir til, viser igjen på lista over artiklar med stempelet gode artiklar.

Pressekontaktar[endre wikiteksten]

For spørsmål og intervju kan du vende deg til ein av dei norske pressekontaktane våre: