Wikipedia:Vekas omsetjing/Veke 32, 2005

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Namnetabu var ei form av språktabu i Kina som innebar eit forbud mot å seie eller skrive namnet på keisaren eller forfedrene hans.

  • Det statlege namnetabuet (国讳; 國諱) var eit tabu mot å bruke namnet på keisaren samt forfedrene hans. Under Qin-dynastiets dagar unngjekk ein Qin Shi Huang sitt namn Zheng (政), og namnet på året sin fyrste månad "Zheng Yue" (正月, "den opprette månaden") vart bytt til "Duan Yue" (端月, "den korrekte/opprette månaden"). Generelt sett unngjekk ein forfedrene sitt namn så langt tilbake som til sjuande ledd.
  • Klanen sitt namnetabu (家讳; 家諱) var eit tabu mot å bruke namnet på sine forfedre
  • Dei heilage sitt namnetabu (聖人諱) var eit tabu mot å bruke namnet på respekterte personar. Under Jin-dynastiet var til dømes Konfucius sitt namn tabu.