Wilkes-stasjonen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 66°15′25.6″S 110°31′32.2″E
Wilkes-stasjonen
stasjon
none Wilkes-stasjonen, 1957
Wilkes-stasjonen, 1957
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
Stad Wilkes Land
 - koordinatar 66°15′25.6″S 110°31′32.2″E
Administrert under Antarktistraktaten
Wilkes-stasjonen is located in Antarktis
Wilkes-stasjonen (Antarktis)
Wikimedia Commons: Wilkes Station

Wilkes-stasjonen var ein stasjon i Antarktis oppretta 29. januar 1957 av USA som ein av sju amerikanske stasjonar oppretta for Det internasjonale geofysiske året (IGY) i Antarktis. Han vart overteken av Australia den 7. februar 1959.

Bilete frå 1988 som syner dieseltønner i framgrunnen, oljesøk til venstre i midten. Skipet Icebird ligg ankra opp i Vincennes Bay. Den nye Casey-stasjonen ligg i horisonten til venstre i bilete.
Wilkes-stasjonen, 1988

Historie[endre | endre wikiteksten]

Marinepersonell frå USA bygde hovudddelen av Wilkes-stasjonen i løpet av 16 dagar i januar og februar 1957, og lossa 11 000 tonn med materiale og forsyningar. Det tok eit mannskap på over 100 til å reise stasjonen som husa 24 marinepersonell og forskarar dei neste 18 månadane. Dette var på tida under den kalde krigen og det var uro frå USA og Australia kring den russiske aktiviteten i Antarktis. Wilkes vart rekna som strategisk med ei plassering nær den magnetiske sørpolen.

Australia tok over Wilkes i februar 1959. Men sjølv om Australia offisielt tok over operasjonen, mislikte det attverande amerikanske personellet å kome under australsk kontroll. Ein trekte seg derfor attende fram til 1961, då stasjonen kom heilt under ANARE sin kontroll.

I 1964 hadde bygningane vorte ein brannfare på grunn av drivstofflekkasje, og stasjonen vart gravlagd i snø og is. Den nye Casey-stasjonen vart utvikla på sørsida av Newcomb Bay, kring to kilometer over bukta for Wilkes. Denne kom i drift i 1969 og Wilkes vart nedlagt.

I dag[endre | endre wikiteksten]

Wilkes-stasjonen er no nesten heilt dekt av is og dukkar berre stundom opp av isen under smelteperiodar, kring kvart fjerde til femte år.

Rydding[endre | endre wikiteksten]

Det samla seg opp store mengder skrot og søppel ved Wilkes i dei 12 åra han var i drift, mellom anna kring 7000 oljetønner. Tidleg i 1988 starta eit prosjekt for å få rydde bort så mykje so mogeleg frå Wilkes-stasjonen.[1]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. "13 April 1989". Mr Moncur, Australian National Antarctic Research Expeditions. Parliamentary Debates (Hansard) (Commonwealth of Australia: Senate Estimates Committee, Department of the Arts, Sport, The Environment, Tourism and Territories). Henta 19. mars 2014

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]