Willendorf in der Wachau

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Willendorf in der Wachau
Willendorf.jpg
Willendorf sett frå ruinane av borga Aggstein
Wikimedia Commons: Willendorf

Willendorf, eller Willendorf in der Wachau, er ein landsby i Wachau i delstaten Niederösterreich i Austerike som særleg er kjend for eit funn frå 1908 av ein liten kvinnefigur, den såkalla Venus frå Willendorf, som er tidfesta til om lag 23000 år før vår tidsrekning. Andre funn i området, frå ein fundstad som vert kalla «Willendorf II», syner at det har vore busetnad her for 50000 år sidan.

Landsbyen ligg 209 meter over havet, på den venstre bredda av elva Donau, det vil seie på nordbredda av Donau mellom Aggsbach Markt und Spitz. For å skilje staden frå andre stadar med namnet Willendorf, vert landsbyen ofte omtalt som Willendorf in der Wachau.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Venus- und Museumsverein Willendorf
  • Felgenhauer, Fritz, (Österreichische Akademie der Wissenschaften, Prähistorische Kommission, Wien), 1956–59, Willendorf in der Wachau. Monographie der Paläolithischen Fundstellen. Utgjevar: Rohrer, Wien.
Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Willendorf in der Wachau