Willingen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Panorama over Willingen

Willingen, i Tyskland kjent som Willingen (Upland) er eit gemeinde (lokalsamfunn/by) i Upland i den nordaustlege delen av Rothaargebirge. Staden, med 6 293 innbyggarar i 2009, høyrer til landkrinsen Waldeck-Frankenberg i delstaten Hessen i Tyskland.

Willingen er særleg kjend som vintersportstad. I verdas største hoppbakke utanom dei fire skiflygingsbakkane, vert det årleg skipa til verdscuprenn. Sidan 2007 har ein og hatt ein arena for skiskyting.