Wimbledon-turneringa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kamp mellom William (?) Renshaw og Herbert Fortescue Lawford under Wimbledon-turneringa på 1880-talet.

Wimbledon-turneringa eller berre Wimbledon (engelsk The Championships, Wimbledon, Wimbledon eller The Championships) er den eldste tennisturneringa i verda.[1] Ho finn stad ved All England Lawn Tennis and Croquet Club i bydelen Wimbledon i London i juni/juli kvart år. Wimbledon er den tredje av dei fire årlege Grand Slam-turneringane og den einaste som blir spelt på gras. Turneringa heiter eigenleg The Championships, Wimbledon. Ho blir ofte berre omtala som The Championships eller ganske enkelt Wimbledon .

Historie[endre | endre wikiteksten]

Frå turneringa i 2004

Turneringa blei halden for første gong i 1877 på ein bane nær Worple Road. Den gongen blei det berre tevla i herresingle. I 1884 blei det innført to nye klassar: single for damer og double for herrar. Double for damer og mixed double blei innført i 1913. Turneringa blei flytt til dagens arrangørstad, ein bane nær Church Road, i 1922.

Turneringa startar kvart år seks veker før den første måndagen i august, og varer i fjorten dagar. Tradisjonelt blei det ikkje spelt på den midterste sundagen («Middle Sunday»). Tre gonger i historia til turneringa har ein vore nøydde til å spela på Middle Sunday.

Premiepengar[endre | endre wikiteksten]

I 2012 auka premiepengane frå 14 600 000 pund til 16 060 000 pund. Mest får vinnarane i singelturneringane, med 1 150 000 pund kvar og tapande finalist halvparten.

Wimbledon har like premiepengar for menn og kvinner.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ryan Rudnansky (24. juni 2013). «Wimbledon Tennis 2013: Why Historic Tournament Is Most Prestigious Grand Slam». bleacherreport. Henta 17. januar 2020. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Wimbledon-turneringa