Winnipegsjøen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
HDRI-foto av Winnipegsjøen
Kart over Winnipegsjøen og nabosjøen Winnipegosis.

Lake Winnipeg eller Winnipegsjøen er ein av dei største innsjøane i Canada og ligg sentralt i provinsen Manitoba litt nord for storbyen Winnipeg. Lake Winnipeg har eit areal på 24 514 km² og er den femte største innsjøen i landet og den 11. største i verda. Winnipeg-sjøen er svært grunn, i gjennomsnitt berre 12 meter djup. Under og etter istida inngjekk bekkenet i ein langt større innsjø - Lake Agassiz. Winnipegsjøen blir brukt som reservoar for kraftproduksjonen til selskapet Manitoba Hydro. Avrenninga er via Nelson River til Hudson Bay i nordaust.

Nedbørsområdet til innsjøen er om lag 984 200 km² stort, dvs tre gonger større enn det norske fastlandet. Elvane som forsyner Winnpiegsjøen med vatn omfattar frå vest og mot klokka: Saskatchewan via Cedar Lake, Dauphin River via Lake Manitoba og Lake Winnipegosis, frå sør: Red River-Assiniboine, og Winnipeg-Rainy frå Rainy Lake og Lake of the Woods, og endeleg frå aust og nordover: Bloodvein River, Poplar River og Manigotagan River.

Før jarnbanen vart utbygd i 1870-åra var heile vassystemet i nedbørsområdet ei særs viktig ferdselsåre. Winnipegsjøen var via landovergangar (portages) eit knutepunkt for ferdsel på vassvegane mellom Lake Superior, Hudson Bay og pelshandlerområda i nedbørsområdet. Hudson's Bay Company hadde fort og handelsstasjonar for pelshandelen på 1800-talet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]