Hopp til innhald

Winter Quarters Bay

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Winter Quarters Bay
bukt
Winter Quarters Bay vart nytta som hamn i 1901 under Discovery-ekspedisjonen til Robert F. Scott
Land  Antarktis
Del av McMurdo Sound
Stad Ross Island
 - koordinatar 77°50′42.77″S 166°39′1.41″E / 77.8452139°S 166.6503917°E / -77.8452139; 166.6503917
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Winter Quarters Bay
77°50′43″S 166°39′00″E / 77.8452°S 166.65°E / -77.8452; 166.65
Winter Quarters Bay is located in Antarktis
Winter Quarters Bay (Antarktis)

Winter Quarters Bay er ei lita vik i McMurdo Sound i Antarktis, kring 3500 km rett sør for New Zealand ved 77°50'S. Hamna er den sørlegaste hamna[1] i Sørishavet og består av ein flytande iskai som kan nyttast om sommaren. Bukta er kring 250 meter brei og lang og opp mot 33 meter djup. Namnet Winter Quarters Bay, Vinterkvarterbukta, syner til Discovery-ekspedisjonen (1901–04) til Robert Falcon Scott som overvintra to vintrar her.[2]

Ei lita halvøy på sørtuppen av Ross Island dannar ei naturleg hamn i Winters Quarters Bay med god ly for skip. Hamna har tent dei få skipa som klarar å trengje gjennom den 2,5-4 meter tjukke pakkisen sidan Discovery-ekspedisjonen (1901–04).[2]

I dag kjem to skip, i lag med ein isbrytar, til Winter Quarters Bay kvart år med forsyningar til den nærliggande amerikanske McMurdo Station ved 77°50′S 166°40′E / 77.833°S 166.667°E / -77.833; 166.667. Lasteoperasjonane sender òg forsynignar til den nærliggande Scott Base og feltstasjonar i Antarktis. Etter meir enn 50 år med aktivitet ved McMurdo Station har bukta vorte alvorleg forureina.[3]

Skildring av bukta

[endre | endre wikiteksten]

Ei grunne ligg ytst i Winter Quarters Bay. Djupna i bukta varierer frå 13 meter langs grunna til opp mot 33 meter i midten av bukta.[4]

Denne grunna og Hut Point Peninusula hindrar innstrøyming av vatn frå McMurdo Sound. Straummålarar i bukta indikerer at vatnet i bukta er nesten heilt stagnert. I tillegg gjer grunna at det strøymer isfjell inn i bukta, som kan øydeleggje iskaien og kysten. Desse fysiske barrierane har medverka til at konsentrasjonen av giftige stoff er stor i bukta på grunn av operasjonane ved McMurdo Station.[4]

Kombinasjonen av sol og høg nok lufttemperaturen nokre få dagar midtsomares kan føre til snøsmelting frå Ross Island. Dette smeltevatnet vert ført via grøfter og kulvertar til McMurdo Sound, og heller lite til bukta.

Hamneforureining

[endre | endre wikiteksten]

Vitskaplege operasjonar ved McMurdo Station frå og med 1955 har ført til kraftig forureining av Winter Quarters Bay. Fram til 1981 tok forskarane ved McMurdo Station rett og slett berre søppelet sitt ut på havisen og let naturen gjere resten. Søppeleg sokk til havbotnen når isen smelta om våren.[5]

Ei kartlegging av botnen av bukta i 2001 avslørte 15 køyretøy, 26 skipscontainarar og 603 oljetønner, samt meir enn 1 000 forskjellige ting som var kasta over eit område på 20 hektar.[3]

I tillegg er sedimenta i bukta forureina med PCB, metall og hydrokarbonar.[4] I 2005 gav U.S. National Science Foundation ut ein artikkel som indikerte at det var ei tidlegare søppeldynge på ein ås ovanom bukta som var hovudkjelda til PCB- og drivstoff-forureininga.[6] PCB, som no er forbode i USA, vart nytta i system for elektrisitet og oppvarming. I 1990 fann ein òg ut at PCB vart funnen i vatnet som vart pumpa ut frå skipa som låg til kai.[4]

Ein professor i kreftbiologi ved University of Auckland meinte at bukta var ei av dei giftigaste vassmengdene i verda.[7]

Store sprekker i iskaien som var i bruk fire år ved McMurdo Station i 1983 og dette gjorde at operasjonane gjekk seint og var ein fare for tryggleiken.

Robert Falcon Scott valde Winter Quarters Bay til å overvintre under Discovery-ekspedisjonen (1901–1904). Ekspedisjonsfartøyet RRS «Discovery» låg fast i isen i hamna i to år før dei fekk skipet laus med eksplosivar den 14. februar 1904.[8]

Under ekspedisjonen gjorde Scott, Edward Wilson og Ernest Shackleton det første store forsøket på å nå Sørpolen. Dei reiste over land til 82 °S før dei måtte snu.[9] Ekspedisjonen reiste ei prefabrikkert hytte ved Hut Point ovanom bukta. Hytta står framleis og er verna som ein historisk stad.

Vince's Cross, er ein trekross reist i 1902 til minne mo sjømannen George T. Vince som drukna i nærleiken står like oppfor hytta. Our Lady of Snows er ein Madonnastatue til minne om Richard T. Williams, ein traktorsjåør som drukna i 1956 i nærleiken.

  1. U.S. Polar Programs, National Science Foundation FY2000.
  2. 2,0 2,1 "Scott's Discovery Hut, Hut Point», New Zealand Antarktis Heritage Trust
  3. 3,0 3,1 «Thaw puts husky hazards in the path of Scott's successors:[daud lenkje] Melting Antarctic ice unveils decades of rubbish buried on Earth's cleanest continent», The Guardian. 17. november 2001, Decades of pumping thousands of gallons of raw sewage generated by McMurdo residents directly into the bay came to an end in 2003 when a treatment plant became operational.
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 «Comprehensive Characterization Report on Winter Quarters Bay, McMurdo Station i Antarktis," National Science Foundation report by Idaho National Engineering and Environmental Laboratory; Environmental Assessment Technologies; and Lockheed Martin Idaho Technologies Report. januar 1997.
  5. "The world's frozen clean room», Business Week. januar 22, 1990.
  6. «Contaminants measured nær McMurdo[daud lenkje] i Antarktis Sun. 16. januar 2005
  7. «Testing tainted waters," Arkivert 2007-09-30 ved Wayback Machine. Antartic Sun; U.S. National Science Foundation. December 19, 1999.
  8. "A long life at sea: specially designed for Antarktis conditions, «Discovery» served Scott's expedition well and made it back to Englog in one piece, docking in Plymouth on September 15, 1904. But its years of service didn't end there og it went on to have a distinguished career;» The South Polar Times. Cited in ASAP, Campion Interactive Publishing Ltd. januar 1, 2003.
  9. «Hard Cold Facts" i Antarctic Sun. 20. oktober. 2002.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]