Ernest Shackleton

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ernest Shackleton

Ernest Henry Shackleton (15. februar 18745. januar 1922) var ein britisk polarforskar med irsk bakgrunn.

Shackleton var fødd i Kilkea i County Kildare i Irland. Han starta Antarktis-karrieren sin som fenrik på Discovery-ekspedisjonen leia av Robert Falcon Scott. Scott og Edward Adrian Wilson nådde 82°17'S den 31. desember 1902, som då var det sørlegaste punktet noko menneske hadde vore. Ernest Shackleton var òg med i «Sør-gruppa», men vart beordra til å vente på 82°15'S med hundane.

Det har i ettertid vorte hevda at Scott og Shackleton i løpet av denne ekspedisjonen vart uvener og at dette var grunnen til at Shackleton ikkje fekk vere med til det sørlegaste punktet. I løpet av turen sørover utvikla Shackleton skjørbuk, og han vart difor sendt tilbake til England av Scott tidleg i 1903, før ekspedisjonen var over. Einskilde forfattarar har hevda at dette vart gjort på trass av at Shackleton på dette tidspunktet var så godt som symptomfri og at motivet til Scott var å kvitte seg med eit ekspedisjonsmedlem han så på som ein konkurrent. Sjølv om det er usikkert korleis tilhøvet mellom Scott og Shackleton var på det personlege planet, kom dei i dei neste åra til å vere dei leiande i Storbritannia innan polarekspedisjonar. Som ei følgje av dette konkurrerte dei om midlar frå dei same sponsorane, og det var uunngåelig at det vart konkurranse mellom dei to. Dei stod òg, til ei viss grad, for eit skilje i britisk polarteknikk. Der Scott dyrka det tradisjonelle britiske med menn som trekte sledar til fots, var Shackleton av same oppfatning tidleg i karrieren sin. Begge satsa på hestar og motoriserte framkomstmiddel, men dei viste seg dårleg eigna. Hundar hadde dei vanskar med då dei ikkje «forstod» hundar og hundane ikkje «forstod» herrane sine. Dei vart i tillegg dårleg fôra og pressa til å dra det dobbelte av normal last. Dei vart òg tvinga til å trekkje i gangfart, noko som er unaturleg for ein hund som ynskjer å trave i «joggefart». Det er mogleg at Shackleton til slutt lærde av feila sine og godtok det Roald Amundsen gong på gang prøvde å innprente britane: bruk hundar og ski.

Grava til Shackletons ved den norske kvalfangarkyrkjegarden i Grytviken.

Han vart mest kjent for Nimrod- og Endurance-ekspedisjonen i Antarktis, som han sjølv leia. Førstnemnde nådde lengst sør på 88°23', 180 km frå polpunktet i 1909. Sistnemnde varte frå 1914 til 1916 og ekspedisjonsskipet «Endurance» (bygd i Sandefjord i 1912) vart knust av isen. Shackleton drog til Sør-Georgia med ein liten livbåt, der han fekk henta hjelp. Han fekk hjarteinfarkt og døydde i Grytviken på Sør-Georgia under den fjerde ekspedisjonen sin til Antarktis.

Flytypen Avro Shackleton er kalla opp etter han.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Ernest Shackleton