Wolfgangsee

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Wolfgangsee
innsjø
Wolfgangsee vom Plombergstein St Gilgen.jpg
Utsyn frå St. Gilgen
Land Flag of Austria.svg Austerrike
Areal 13 km²
Største djupn 114 m
Volum 667,07 millionar m³
Koordinatar 47°45′N 13°24′{{{6}}}
Byar Strobl, St. Gilgen, Abersee, Ried, St. Wolfgang
Wikimedia Commons: Wolfgangsee

Wolfgangsee er ein innsjø i Austerrike. Mesteparten av innsjøen ligg i delstaten Salzburg, og er ein av dei av dei mest kjende innsjøane i Salzkammergut-regionen. Av byar rundt innsjøen finn ein Strobl, St. Gilgen med forstadane Abersee og Ried (i delstaten Salzburg) og St. Wolfgang (i delstaten Øvre Austerrike). St. Gilgen-delen av Wolfgangsee vert kalla Abersee. Innsjøen har eit areal mellom 12,9 og 13,1 km².

Innsjøen er heilt omringa av fjell, og i sør og sørvest ligg Osterhorngruppe, ei fjellrekkje på om lag 1 800 m. Rett sør for St. Gilgen stig fjellet Zwölferhorn til 1 521 m, som ein kan vitje med ei kabelvogn.

På nordsida av innsjøen ligg Schafberg. Ein tannbane kalla Schafbergbahn går opp til toppen av fjellet som er 1 782 m.

Wolfgangsee