Wramplingham

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Wramplingham
landsby
Wramplingham-g3.jpg
Land Flag of England.svg England
Fylke Norfolk

Wramplingham
52°36′48″ N 1°7′5″ E
Wikimedia Commons: Wramplingham

Wramplingham er ein landsby og eit civil parish i det engelske fylket Norfolk. Han ligg ved elva Tiffey rundt 4 mile (6,4 km) nord for Wymondham og 7 mile (11 km) vest for Norwich. Civil parish-området dekkjer 3,47 km², og hadde i 2001 eit folketal på 110 som budde i 44 hushaldningar. Dette hadde auka til 115 innbyggjarar i 51 hushaldningar ved folketeljinga i 2011.

Fyrstedelen av namnet har ei ukjend tyding, men kan kanskje visa til eit personnamn eller eit stadnamn. Andredelen viser til ein busetnad eller eit avgrensa landområde.[1]

Kyrkja Wramplingham St Peter and St Paul er frå mellomalderen, og har eit rundt kyrkjetårn.[2]

Wramplingham Mill var ei kornmølle på tre etasjar som blei riven i 1945.[3]

Forfattaren Bill Bryson (f. 1951) budde i Wramplingham frå 2003 til 2013.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Key to English Place-names». 
  2. Wramplingham SS Peter and Paul Round Tower Church • Norfolk (på engelsk), 22. desember 2020, henta 3. juni 2022 
  3. Full account with illustrations.
  4. Bill Bryson, 2016, The Road to Little Dribbling.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Wramplingham