Xiangxi
Xiangxi 湘西州 | |||
region | |||
Offisielt namn: 湘西土家族苗族自治州 Xiangxi Tujia og Miao autonome prefektur
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Region | Hunan | ||
Areal | 15 486 km² | ||
Folketal | 3 650 000 (2004) | ||
Tidssone | China Standard (UTC+8) | ||
![]() Xiangxi | |||
Wikimedia Commons: Xiangxi Tujia and Miao Autonomous Prefecture | |||
Xiangxi er eit autonomt prefektur for folkegruppene tujia- og miao nordvest i den kinesiske provinsen Hunan. Prefekturet, som i vest grensar mot Chongqing, har eit areal på 15 461 km² og hadde vel 2,5 millionar ibuarar i 2010.
Namnet Xiangxi tyder bokstaveleg 'Hunan vest'. Xiāng (湘) er ei forkorting for Hunan og xī (西) tyder 'vest'.
Tjuefem folkegrupper er representerte i Xiangxi. Hankinesarar utgjer ein tredjedel, tujiafolket om kring det same med 860 000 menneske, medan miaofolket omfattar 790 000 personar.[1]
Prefekturet Xiangxi omfattar eit byfylke (市 shì), Jishou, som er hovudstaden i prefekturet, og sju fylke (县 xiàn): Baojing, Fenghuang, Guzhang, Huayuan, Longshan, Luxi og Yongshun.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Xiangxi Tujia and Miao Autonomous Prefecture» frå Wikipedia på engelsk, den 1. mai 2013.
- Fotnotar
- ↑ Xiangxi city and Xiangxi River - Xiangxi Tujia-Miao Autonomous Prefecture Is Located in Northwestern Hunan Province., arkivert frå originalen 19. januar 2013, henta 23. juli 2018