Yaa Gyasi
Yaa Gyasi | |
Statsborgarskap | Ghana, USA |
Fødd | 1989 (35 år) Mampong |
Yrke | romanforfattar, skribent |
Språk | engelsk |
Yaa Gyasi på Commons |
Yaa Gyasi (fødd 1989) er ein ghanesisk-amerikansk forfattar. Debutromanen hennar Homegoing kom ut i 2016, og vann henne John Leonard Award for beste fyrst bok frå National Book Critics Circle, PEN/Hemingway Award for fyrst skjønnlitterære bok, National Book Foundation si heiderstilvising «5 under 35» for 2016 og American Book Award. Ho vann ein Vilcek Prize for Creative Promise in Literature in 2020.[1]
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Gyasi blei fødd i Mampong i Ghana.[2] Ho er dotter av sjukepleiaren Sophia og Kwaku Gyasi, ein seinare professor i fransk ved University of Alabama i Huntsville.[3][4] Familien hennar flytta til USA i 1991 då faren tok ein Ph.D. ved Ohio State University.[2][5] Familien budde også i Illinois og Tennessee, og frå ho var 10 år gammal voks Gyasi opp i Huntsville i Alabama.[2][6]
Gyasi har fortald at ho var sjenert som liten. Ho var nær brørne sine, som delte opplevinga av å vera unge innvandrarar i Alabama, og opplevde også bøker som sine «næraste vener».[5] Ho blei oppmuntra av å få eit deltakardiplom signert av LeVar Burton for den fyrste forteljinga ho skreiv, som ho hadde send inn til Reading Rainbow Young Writers and Illustrators Contest. Som syttenåring, då ho var elev ved Grissom High School, blei Gyasi inspirert til å prøva å bli forfattar etter å ha lese Song of Solomon av Toni Morrison.[5]
Gysai tok grraden Bachelor of Arts i engelsk ved Stanford University og Master of Fine Arts ved Iowa Writers' Workshop, eit skriveprogram ved University of Iowa.[6][7]
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Kort tid etter at ho gjekk ut frå Stanford, byrja Gyasi å skriva debutromanen sin og arbeidde ved eit startup-føretak i San Francisco. Ho mislikte jobben, og slutta etter at ho blei teken opp ved Iowa i 2012.[7]
Debutromanen hennar Homegoing var inspirert av ei reise til Ghana i 2009, den fyrste gongen Gyasi vitja heimlandet sidan ho forlet det som småbarn. Ho fullførte romanen i 2015 og fekk fleire tilbod frå forleggjarar før ho gjekk med på eit sjusifra forskot frå Knopf.[7]{ Ta-Nehisi Coates valde ut Homegoing til National Book Foundation sin 5 under 35-pris for 2016,[6] og romanen vann også National Book Critics Circle's John Leonard Award, PEN/Hemingway award for beste fyrste bok og American Book Award for bidra til mangfald i amerikansk litteratur.[8][9][10][11]
Tekstar av Gyasi er også blitt gjevne ut i publikasjonar som African American Review,[12] Callaloo,[13] Guernica,[14] The Guardian[15] og Granta.[16]
Gyasi har nemnd Toni Morrison (Song of Solomon), Gabriel García Márquez (Hundre års ensomhet), James Baldwin (Go Tell It on the Mountain), Edward P. Jones (Lost in the City) og Jhumpa Lahiri (Unaccustomed Earth) som inspirasjonskjelder.[5][7][17]
Verk
[endre | endre wikiteksten]- Homegoing (2016)
- Transcendent Kingdom (2020)
Prisar og utmerkingar
[endre | endre wikiteksten]- National Book Critics Circle's John Leonard Award for best first book[18]
- PEN/Hemingway Award for a first book of fiction[19]
- 2016: National Book Foundation sin «5 under 35»
- American Book Award[20]
- 2017: Granta Best of Young American Novelists
- 2020: Vilcek Prize for Creative Promise in Literature, Vilcek Foundation[1]
- 2021: Women's Prize for Fiction, kortlista for Transcendent Kingdom [21]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 «Yaa Gyasi». Vilcek Foundation (på engelsk). Henta 3. februar 2020.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 Maloney, Jennifer (May 26, 2016). «Homegoing by Yaa Gyasi, Born in Ghana and Raised in the U.S.». Wall Street Journal. ISSN 0099-9660. Henta 2. desember 2016.
- ↑ Anderson-Maples, Joyce (December 2, 2016). «UAH welcomes Yaa Gyasi, author of The New York Times best-selling book Homegoing». The University of Alabama in Huntsville. Henta December 2, 2016.
- ↑ Haskin, Shelly (August 28, 2016). «How an Alabama author's debut novel landed her on 'The Daily Show'». AL.com. Henta December 4, 2016.
- ↑ 5,0 5,1 5,2 5,3 Begley, Sarah (June 5, 2016). «A 26-Year-old Looks to the Past for Her Literary Debut». TIME.com. Henta December 2, 2016.
- ↑ 6,0 6,1 6,2 «Yaa Gyasi, author of Homegoing, 5 Under 35, 2016, National Book Foundation». www.nationalbook.org. Arkivert frå originalen 3. desember 2016. Henta 2. desember 2016.
- ↑ 7,0 7,1 7,2 7,3 Wolfe, Eli (June 28, 2016). «How Yaa Gyasi found her story in slavers' outpost». San Francisco Chronicle. Henta 1. mars 2017.
- ↑ Associated Press (4. august 2017). «Debut novelist among winners of American Book Awards». The Washington Times (på engelsk). ISSN 0190-8286.
- ↑ Alter, Alexandra (17. januar 2017), "Zadie Smith and Michael Chabon Among National Book Critics Circle Finalists", The New York Times.
- ↑ «PEN/Hemingway Award for Debut Fiction». PEN New England (på engelsk). Henta 23. april 2017.
- ↑ «100 Notable Books of 2016». The New York Times. November 21, 2016. ISSN 0362-4331. Henta 2. desember 2016.
- ↑ AAR African American Review.
- ↑ "Yaa Gyasi", National Book Festival, Library of Congress.
- ↑ Yaa Gyasi, "Inscape", Guernica, 15. juni, 2015.
- ↑ "Yaa Gyasi: ‘I write a sentence. I delete it. I wonder if it’s too early for lunch’", The Guardian, 28. oktober 2017.
- ↑ Gyasi, Yaa, "Leaving Gotham City", Granta 139: Best of Young American Novelists 3, April 25, 2017.
- ↑ «Five books: The books that influenced Yaa Gyasi». Penguin. 2016. Arkivert frå originalen 30. januar 2018. Henta 1. mars 2017.
- ↑ Admin (March 16, 2017). «National Book Critics Circle: National Book Critics Circle Announces 2016 Award Winners - Critical Mass Blog». bookcritics.org. Henta February 9, 2019.
- ↑ Catan, Wayne (May 31, 2017). «Interview with Yaa Gyasi, 2017 PEN/Hemingway Award Winner». www.hemingwaysociety.org. The Hemingway Society. Henta February 9, 2019.
- ↑ «2017 American Book Awards announced» (på engelsk). Before Columbus Foundation. Arkivert frå originalen 9. februar 2019. Henta February 9, 2019.
- ↑ Flood, Alison (29. april 2021). «Women’s prize for fiction shortlist entirely first-time nominees». the Guardian (på engelsk). Henta 29. april 2021.
- Denne artikkelen bygger på «Yaa Gyasi» frå Wikipedia på engelsk, den 10. mars 2022.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- NYT SundayReview Opinion by Yaa Gyasi, "I'm Ghanaian-American. Am I Black?" 8. juni 2016
- Interview on the Daily Show with Trevor Noah (video, 5:43), August 16, 2016
- Interview on Late Night with Seth Meyers (video, 3:15), 2. august 2016
- Interview on Tavis Smiley Arkivert 2018-03-05 ved Wayback Machine. (video, 11:34) og transkript, 2. juni 2016
- Kate Kellaway, "Yaa Gyasi: ‘Slavery is on people’s minds. It affects us still’", The Guardian, 8. januar 2017.
- "Yaa Gyasi" Arkivert 2019-07-07 ved Wayback Machine. at Foyles.
- Alec Russell, "Yaa Gyasi: ‘Racism is still the drumbeat of America’", 20. april 2018.